Forfattarbesøk: Anders Gjesvik presenterer "Kjartan Slettemark - Kunsten å bli sett. En biografi"
Sogndal, biblioteket
Kven var kunstnaren Kjartan Slettemark? Var han eit psykiatrisk tilfelle eller berre ei fargerik kunstnarsjel? Den eksperimentelle kunsten hans provoserte mange, men for Slettemark var kunsten og livet same sak. Slettemark som opphaveleg kom frå Naustdal, er betrakta som ein av dei viktigaste kunstnarane i norsk etterkrigshistorie.
På biblioteket kan du bli nærare kjend med denne fascinerande kunstnaren, og med forfattar Anders Gjesvik som presenterer den nyleg utgjevne biografien Kjartan Slettemark: Kunsten å bli sett.
Gjesvik blir intervjua av Idun Husabø.
Biblioteket byr på te, kaffi og Twist.
Det blir høve til å kjøpe boka etter arrangementet.