KI - Kunstig intelligens i utdanning

Sogndal Kulturhus
Time icon
Når:10. september   10:00
Varer til: 11:30
Legg til i min kalender

Sarah Newman, leiar for kunst og utdanning ved MetaLAB ved Harvard University i Boston, er ein forskar innan kunstig intelligens og relaterte teknologiar. Ho undersøkjer korleis nye teknologiar inneheld og speglar historiske sosiale og etiske utfordringar.

Dette foredraget tar for seg korleis nye teknologiar alltid har endra korleis vi lærer og underviser. Som pedagog og forskar innan kunstig intelligens vil Newman dele anbefalingar og erfaringar om korleis vi best kan handsame denne situasjonen. Foredraget vil vere sentrert rundt verdien av tverrfaglegheit, basert på teknologi-etikk og nyttiggjere moglegheitene som ligg i dette. Ho vil diskutere fallgruver som bør unngås og gi konkrete tilrådingar som pedagogar kan implementere umiddelbart. Vi må vere både kritiske og kreative i vår tilnærming. Sjølv om det kan verke overveldande, gir innføringa av desse teknologiane oss høvet til å revidere det som ikkje har fungert i utdanninga, samtidig som me vernar det som er viktigast.