KI-verkstad og mini-hackathon

Stord, rom SJU146
Time icon
Når:25. november   13:00
Varer til: 15:45
Legg til i min kalender

Har du spørsmål om bruk av generativ KI i læring og utdanning? Lurer du på om KI kan hjelpe deg med førebuing til eksamen? Biblioteket og ALU inviterer deg til å utforske moglegheitene saman med andre studentar.

Tenk gjennom desse spørsmåla før du kjem:  

  • Korleis har du brukt KI?  
  • Korleis kan KI vere nyttig i utdanninga di? 
  • Kva er du usikker på? 

Praktisk info:  

Ta med eigen PC!

KI-verkstaden vil vere to-delt. I del 1 arbeider vi i grupper der vi diskuterer innspel og ønskje frå deltakarane. 

Del 2 vert meir praktisk. Du får høve til å lage din eigen GPT i ein mini-hackathon. 

Vi utforskar positive og negative sider knytt til KI i læring og tilbyr ein lågterskel-arena for å teste og stille spørsmål.  

Gratis snacks til alle!