Landslova 750 år – og kva så?

Bergen, Hop Stasjon, biblioteket 
Time icon
Når:18. oktober   12:00
Varer til: 13:00
Legg til i min kalender

I 2024 feirar vi at det er 750 år sidan Landslova vart vedteken på Frostatinget. Jubileet feirast med brask og bram av det offentlege Noreg, men kva er det som eigentleg feirast – og er det noko som i det heile er verdt å feira?! 
 
Pål Berg Svenungsen vil i føredraget snakke om kva Landslova eigentleg er, og kvifor ho på mange måtar er eit unikt stykke lovarbeid i ein europeisk mellomalder-samanheng. Han vil òg snakke om mannen som stod bak ho, nemleg den heller ukjente kongen Magnus VI Håkonsson, betre kjent som Magnus Lagabøte (konge i åra 1263-1280).  


Kanskje såg det slik ut då lova vart til? Pål Berg Svenungsen illustrerer føredraget ved hjelp av Lego, og er kjend frå Instagramkontoen the_lego_medievalist 

 

Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet - Vestland fylkeskommune

Jubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: