Korleis kan me bidra til berekraftig utvikling i Sogn gjennom samskaping og levande laboratorium?

Campus Sogndal (nærare informasjon om rom kjem)
Time icon
Når:08. januar   08:45
Varer til: 14:15
Legg til i min kalender

Velkommen til open fagdag og idéverkstad ved campus Sogndal!

Målgruppe: Personar i kommunale råd, administrasjon, tenester og politikarar i Sogn, tilsette i næringsliv, kunnskap- og utviklingsaktørar, studentar og tilsette ved HVL og alle andre interesserte.

Hensikt: Få fram styrkar og utfordringar i Sogn region. Utvikle idéar til levande laboratorium og samskapingsprosjekt for å saman finne løysingar på nokre av utfordringane.

Opplegg: Ei veksling av faglege innlegg, idémyldring og deling av tankar frå alle deltakarane.

Program

  • 08:45: Registrering

  • 09:00: Velkommen og bli kjent - HVL v/prosjekt Samskaping for eit berekraftig Sogn

  • 09.15: Forteljinga om "Jordnær" Den Grøne møteplassen i Stad og fleire samskapingshistorier frå Stad, "Den samskapande kommunen".
    Ved Arild Vonheim, rådgjevar, Strategi og samordning, Stad kommune.

  • 09:35: Kva ressursar har vi samla i dag? (alle deltakarar)

  • 10:00: Kva røyrer seg i Sogn? Kva er styrker og utfordringar i regionen vår?
    Ved Yngve Hallèn, "Sognasmed" Sognarådet, Line Bjelde, dagleg leiar i Sogn Næring,  Arve Uglum, redaktør i Sogn Avis.

  • 11:05: Kva kan eit levande laboratorium vere? Erfaringar med levande laboratorium i Australia.
    Ved Lars Coenen, professor ved Handelshøgskulen HVL.

  • 11:50: Idèmyldring. Korleis kan eit Levande laboratorium i Sogn vere? (alle deltakarar)

  • 12:15: Lunsj

  • 13:00: Samskaping – kva er det, når kan det vere nyttig, kva kan ein skape og korleis? Verktøy for samskaping.
    Ved Arild Vonheim, rådgjevar Strategi og samordning, Stad kommune.

  • 13.30: Konkretisere idear til levande laboratorium og samskapingsprosjekt. Bygge nettverk. 

  • 14:00: Oppsummering. Korleis tek me dette vidare? 

  • 14.15: Takk for i dag!

Dagen er ein del av undervisningsopplegget i emnet Samskaping og innovasjon for berekraftig utvikling., prosjektet Samskaping for eit berekraftig Sogn og ARTEMIS en europeisk universitetsallianse som skal fremme samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon, og har som mål å styrke regional utvikling.

Velkomen!