Opning av Forskingsdagane 2024 v/ Christine Øye, Andreas Andreassen, Geir Sverre Braut og Kristin Folven

Høgskulen på Vestlandet, Campus Haugesund
Time icon
Når:18. september   11:30
Varer til: 12:30
Legg til i min kalender

Velkommen til opning av Forskingsdagane ved Høgskulen på Vestlandet

Christine Øye, prorektor forsking, Høgskulen på Vestlandet
Andreas Andreassen, fagdirektør Helse Fonna.

Tiltak som kan føre til eit betra kosthald og jamne ut sosiale forskjellar i kosthaldet 
v/ Geir Sverre Braut, professor Høgskulen på Vestlandet og leiar av ekspertutvalet

Helse- og omsorgsdepartementet fekk i 2023 ei ekspertgruppe til å gå gjennom ulike tiltak som kan betra kosthaldet og finna fram til kva for nokon som kunne vera kostnadseffektive, altså gje eit forsvarleg utbytte i forhold til kostnadene ved å gjennomføra tiltaka. I dette innlegget vil både dei nye kosthaldsråda frå Helsedirektoratet og kva som blir sett på som kostnadseffektive tiltak bli presenterte.

Kommentar: Katrine Marie Haga Nesse, kommuneoverlege i Haugesund kommune.

«Underernæring hos eldre - Kva konsekvensar har det og kva gjer vi i helsetenesta med det?»
v/Kristin Ingvaldsen Folven, doktorgradsstipendiat, Helse Fonna

Ernæring er eit av våre grunnleggjande behov som menneske. Kva konsekvensar har risiko for underernæring for eldre pasientar og helsetenesta? Vi har studert samanhengar mellom risiko for underernæring og korleis det går med eldre opptil eitt år etter ernæringsscreening i sjukehus, sjukeheim eller heimeteneste.

Systematiske kunnskapsoppsummeringar og kontrollerte studiar viser til at ernæringstiltak gjev betre overlevelse og færre sjukehusinnleggingar, men kva finn vi og korleis ser det ut når vi studerer effekt av ernæringstiltak i ein ordinær klinisk kvardag? 

Ordstyrar: Christine Øye, prorektor forsking, Høgskulen på Vestlandet

Enkel servering

Arrangementet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Helse Fonna.