Sirkulærdagen: Opning av bruktbokhylla

Førde, Biblioteket
Time icon
Når:17. mars   12:00
Varer til: 19:00
Legg til i min kalender

I samband med sirkulærdagen i Førde opnar vi bruktbokhylla på biblioteket!

Bruktbokhylla er eit samarbeid mellom campusbiblioteket og Studentsamfunnet i Førde. Det er ei fråskilt hylle på biblioteket der studentane kan leggje igjen pensumbøker dei ikkje lenger treng og selje dei vidare ved hjelp av Vipps. Det er Studenttinget som forvaltar ordninga, og biblioteket stiller med plass og skilting. 

Har du spørsmål om ordninga? Vil du levere inn brukte bøker til opninga? Ta kontakt med Oda Nordaas (tillitsvalgt) på ons@hvl.no.