
Sirkulærdagen Sogndal
Sirkulærdagane ved HVL set fokus på korleis vi forvaltar ressursane våre og korleis vi kan leve meir berekraftige liv. Bli med på ein spennande dag med inspirerande innhald og engasjerande aktivitetar, med fokus på sirkularitet og berekraft.
PROGRAM Sogndal
08.30 - Filmfrukost: Plastic people
Kantina
kl.08.30 - 10.00
Velkommen til gratis havregraut og filmen Plastic people, som handlar om korleis mikroplast påverkar både miljøet og menneska si helse. Filmen tar deg med på ein global reise der forskarar og eksperter prøver å avdekke konsekvensane av plastavhengigheita og kva som må til for å endre kurs. Rådgjevar Anne Marthe Aaberge frå Saman er tilgjengeleg for samtale etter filmen.
11.15 - Inspirasjonslunsj: Frå avfall til verdi
HVL- Biblioteket
kl.11.15 - 12.30
SmakeMeir serverer freistande buffé laga av overskotsmat, og gir oss innblikk i korleis dei jobbar med berekraft og redusert matsvinn.
Førstemann/-kvinne til mølla, inga påmelding.
- HVL Skape og Sogn Næring fortel kort om gründerarbeidet sitt
- Bøthun Gard vart Årets Lokalmatgründer 2024. Den lokale gründeren Mathilde vil snakka om å skapa kontakt mellom dei som dyrkar maten og dei som et han, og om å bruka alle ressursane i ein grønsaksåker.
- Jørn frå Simas fortel om utsortering av tekstil og deler innsikt frå dagens situasjon
- Tekstildesignaren Estelle Bourdet driv med kreativ gjenbruk der ho lagar tepper og kunst av mellom anna klatretau. Ho kjem for å fortelja meir om dette og korleis ho starta si eiga bedrift.
- Sogn Næring om korleis Sogn Sirkulære Biohub kan bidra til industriell symbiose i Sogn.
13.00 - Ver ein matreddar!
4. etasje - Høgskulebygget
kl.13-15
Framtiden i våre hender leverer ut pakkar med redda mat og inspirerande oppskrifter. Kom innom!
18.00 - Sofaprat: Møt REKO-ringen Sogndal
Dampskipskaien
kl.18
Møt REKO-ringen Sogndal – lokalmat utan mellomledd!
- kanskje finn du din nye favorittleverandør av kortreist mat?
Kvifor selje direkte til oss forbrukarar? Kva inneber livet som lokalmatprodusent? Bli kjent med REKO-ringen Sogndal og høyr frå dei som skapar maten du et! Inkluderer sal av varene deira – ein smakebit på det du kan få kjøpt gjennom REKO-ringen.
REKO-ringen er ein enkel distribusjonskanal der lokale matprodusentar sel varene sine direkte til forbrukarane – utan mellomledd. Gjennom ei Facebook-gruppe kan kundar bestille varer på førehand, og utleveringa skjer på ein fast stad til avtalt tid.
Ta turen innom – du er velkommen!
Velkomen!