Skrivefestival

Bergen
Time icon
Når:29. oktober   08:30
Varer til: 31. oktober 17:00
Legg til i min kalender

Velkommen til Skrivefestival 29.-31. oktober

Hovudfokuset i haustens skrivefestival blir på skriving i ulike fag og sjangrar.

Vi opnar med yoga og held fram med Shut up & write i lag med skrivande studentkollegaer der du får servert kaffi og vaflar med moglegheit til å stille spørsmål om oppgåva di i pausane.

Elles blir det:

  • Skriveverkstader om struktur og argumentasjon, akademisk engelsk og norsk som andrespråk, KI i skriving, korleis du skal lesa og vurdera faglitteraturen du skal bruke med meir.
  • Besøk av Ida Holen, Petter Stordalens kommunikasjonssjef, som skal snakke om korleis ho går fram når ho skriv talene hans.
  • Debatt leia av Kristoffer Jul-Larsen om akademisk skriving i ulike fag og sjangrar.
  • Boklansering av professor Kjersti Maria Rongen Breivega si nye bok som heiter Å studere argumentasjon. Vi møter Breivega i samtale med Solveig Kavli og feirar publikasjonen med kaffi og kake.
  • Filmvising av The Nightmare Before Christmas med servering av graskarsuppe.

Alle studentar og skrivelystne er hjarteleg velkomne! 

Sjå fullt program for Skrivefestivalen.