
Skrivehalvtimen i Førde!
Er du student og skal i gang med å skrive oppgåve? Lurer du på korleis du går frå tema til problemstilling? Har du god struktur og flyt i teksten din? Bruk Skrivehalvtimen - som kjem til campus Førde!
Skriverettleiarane Johannes og Ingeborg kjem eins ærend frå Sogndal for å hjelpe deg med oppgåveskriving. Dei vil informere deg om Skrivehalvtimen-tilbodet og Skrivefestivalen i veke 13, og tilby 1-til-1 rettleiing på eit eige grupperom for deg som treng hjelp her og no.
Arrangementet er ein fantastisk sjanse for å få fart i oppgåveskrivinga og lære meir om bibliotekets tilbod for deg som held på med akademisk skriving.
Arrangementet er gratis. I tillegg til gode skriveråd, vil du få kaffi, frukt og kake om du besøkjer standen i vrimleområdet utanfor SiF og FSI. Velkommen skal du vere!