Studentar samla utandørs ved studiestart.

Fadderkoordinator i Sogndal

Vil du gi nye studentar som startar opp i august 2025 ein god start på studietida? Ønskjer du å vere med på å skape engasjement i studentmiljøet? Då er fadderkoordinatorstillinga noko for deg!

HVL søker to fadderkoordinatorar ved campus Sogndal

Fadderordninga er noko av det første ein møter som ny student ved Høgskulen på Vestlandet. Fadderkoordinatorane skal samarbeide om å organisere og koordinere aktivitetar i regi av høgskulen, slik at alle nye studentar blir inkluderte på ein god måte. 
 
Stillinga som fadderkoordinator inneber: 

  • Planlegging og gjennomføring av velkomstveka i samsvar med mandat for fadderordninga. 
  • Samarbeid med høgskulen, fadrar, studentorganisasjonane og lokalbefolkninga.  
  • Rekruttering og opplæring av fadrar. 
  • Samkøyring av fadderprogram med interne og eksterne aktører.
  • Informasjonsformidling.  
  • Evaluering av velkomstveka.   

Stillinga som fadderkoordinator er eit engasjement lønna med 150 timar i lønnstrinn 35. Studiestart for hausten 2025 er 11. august, og dei som blir tilsett må vere tilbake på campus ei veke før studiestart. Opplæring vil bli gitt.

Dette er ein god mogelegheit for relevant arbeidserfaring innan leiing og koordinerande arbeid. Fadderkoordinator vil få attest.

Søknadsfrist: 10.12.2024.

Søknad og CV sender du på e-post til: fadderansvarleg@hvl.no 
Merk søknaden «Fadderkoordinator Sogndal». 

Søkar må beherske norsk munnleg og skriftleg. 

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte fadderansvarleg, Karoline Skare Øyerhamn