Innhaldsprodusent til sosiale medium

Er du ein kreativ student som ønskjer ein spennande deltidsjobb? Vil du jobbe i lag med studentar frå andre campusar? Då kan jobben som innhaldsprodusent vere noko for deg!

Som innhaldsprodusent får du god erfaring i både redaksjonsarbeid, samarbeid og innhaldsproduksjon. Vi er på jakt etter studentar frå alle campusane våre. 

Arbeidsoppgåver

  • Lage og publisere innhald til HVL sine sosiale medium-kanalar, primært TikTok.
  • Vere ein del av studentredaksjonen, og delta på digitale, vekentlege redaksjonsmøte, der ein planlegg og evaluerer innhald.
  • Delta på 1-2 fysiske samlingar per semester (vil bli lagt til helger, i Bergen).
  • Halde deg oppdatert på trendar og funksjonalitet på TikTok

Passar for deg som ...

  • Er kreativ og engasjert
  • Har interesse for sosiale medium
  • Trivst foran kamera, og likar å by på deg sjølv
  • Ønskjer å lage gøy og inspirerande innhald
  • Har gode samarbeidsevner
  • Likar å komme i kontakt med nye folk
  • Har interesse for å lære nye ting
  • Har god formidlingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg

Om stillinga

  • Jobben er timebasert og utgjer 20 %, som tilsvarar 8 timar per veke.
  • Lønnstrinn 35 (212 kr i timen).
  • Erfaring med innhaldsproduksjon til sosiale medium er ein fordel, men ikkje eit krav.

Noko for deg?


Send oss ein kort video der du fortel om deg sjølv, om eventuell relevant erfaring og kva som er motivasjonen din for å søke på stillinga.

Send video og cv på e-post til some@hvl.no.

Søknadsfrist: Onsdag 28. august 2024.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til digitalt intervju i starten av september.

Dersom du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med SoMe-ansvarleg Tove Takvam Uglum på tovetaug@hvl.no.