Skriverettleiar ved bibliotekets Skrivesenter

Vi søker erfarne studentar på bachelor- eller masternivå i Bergen som trivst i studentrolla og gjerne hjelper andre med å oppleve meistring i studiesituasjonen.

Om stillinga

For å arbeide med skriverettleiing må du vere interessert i tekst og skriveprosessar, og ha erfaring frå eigne skriveprosjekt.

Som skriverettleiar hos oss vil du få nødvendig opplæring i arbeidsoppgåvene i form av eit rettleiingskurs 13.–15. august 2024. I dette kurset inngår emne som gode skriveprosessar, godt språk, korleis komme i gang med skriveprosjekt, akademiske konvensjonar for språk og tekst, utfordringar ved å ha norsk som andrespråk, samt god rettleiingspraksis.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell rettleiing i språk og/eller tekst på Skrivehalvtimen, på campus eller digitalt
  • Administrere og avtale rettleiingstimar
  • Arrangere aktivitetar på campus, mellom anna skrivefestival
  • Ha ansvar for lokale, utstyr og rydding ved arrangement
  • Møter med alle studentassistentane og tilsette ved Skrivesenteret
  • Marknadsføring og synleggjering via sosiale medier

Vilkår og søknad

Skriverettleiarar kan rekne med å jobbe rundt fem timar i veka gjennom semesteret. Fast arbeidstid vil bli onsdag eller torsdag mellom kl. 13 og 17. Timebetalinga er lønstrinn 35, ca. 220 kroner om du er bachelorstudent og lønstrinn 42, ca. 240 kroner om du er masterstudent.

Opplæringa er lønna.

Søknad med CV og motivasjonsbrev for stillinga kan sendast til fagleg koordinator for Skrivesenteret, Solveig Kavli, og einingsleiar for studiestøtte, Gunhild Austrheim.
 
Søknadsfrist 1. juni 2024.