Studentassistent på kjemi- og bioingeniørutdanningane

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap søker studentassistentar i to emne ved kjemi- og bioingeniørutdanningane på campus Bergen hausten 2024.

Vil du bidra til at andre studentar får ein god studiekvardag? Studentassistentane er til stades for å starte arbeidet i øvingstimane, utvikle gode studievanar og for å sikre at øvingstimane gir høgt læringsutbytte.

Stillingane er lønna.

Følgjande emne har behov for studentassistentar:

KJE100 – Generell kjemi

BIO170 – Matematikk med dataverktøy

Kven kan bli studentassistent?

  • Alle studentar på kjemi- og bioingeniørutdanningane ved HVL, campus Bergen.
  • Dei som har god kjennskap til emnet der det er bruk for studentassistent.
  • Dei som har karakterane A eller B i emnet.

Arbeidsoppgåver:

I KJE100 er det 5 øvingstimar på to timar, ca. annakvar veke. Kvar studentassistent har ansvaret for grupper på ca. 30 studentar. Arbeidsoppgåvene består av førebuingar i forkant av øvingstimane, rettleiing og leggje til rette for godt arbeidsmiljø i øvingstimane samt å rette obligatoriske innleveringar.

Arbeidsoppgåver i BIO170:

5 øvingstimar på to timar, ca. annakvar veke, samt rettleiing av to dataøvingar. Kvar studentassistent har ansvaret for inntil 30 studentar, men to studentassistentar vil ofte vere saman i eit klasserom med studentgruppene. Arbeidsoppgåvene består av førebuingar i forkant av øvingstimane, rettleiing og leggje til rette for godt arbeidsmiljø i øvingstimane samt å rette obligatoriske innleveringar.

Studentassistentar treng ikkje kunne svare på alle faglege spørsmål og har ikkje ansvar for at studentane kjem gjennom alle oppgåvene.

Slik søker du:

Send søknad til emneansvarleg i KJE100 Signe Steinkopf, e-postadresse Signe.Lilia.Steinkopf@hvl.no.

Send søknad til emneansvarleg i BIO170 Kari Grete Nordli Børve, e-postadresse Kari.Grete.Nordli.Borve@hvl.no.    

I søknaden skriv du litt om kvifor du er interessert i stillinga og oppgir karakteren din i det relevante emnet.

Søknadsfrist snarleg og seinast innan 7. juni 2024.