Vil du jobbe i biblioteket?

Er du student ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal? Vi treng nye studentvakter til hausten.

Arbeidsoppgåver:

  • Utlån og retur av bøker, setje bøker på plass, merke bøker, rydde, kopiere, samt ymse førefallande arbeid i biblioteket.
  • Lage innhald til sosiale media og marknadsføre biblioteket sine tenester.
  • Rettleie medstudentar og tilsette med å søke/finne fram litteratur og informasjon.

Du må vere serviceinnstilt, nøyaktig og sjølvstendig. Du må også beherske munnleg og skriftleg norsk.

Opplæring vert gitt.

Stillingsdel:

Du arbeider ein ettermiddag i veka frå kl. 14.00 til kl. 20.00 og kvar femte laurdag (kl. 12.00-16.00), og elles ved behov.

Lønn etter Statens lønnsregulativ, st. kode 1078, ltr. 25.

Søknadsfrist: 12. mai 2024

Send søknad med CV og kopi av vitnemål og referansar på e-post til Maria.Lefdal.Jenssen@hvl.no

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med biblioteket, e-post-adressa over eller på tlf 57 67 62 17.