Sjølvvald bachelorgrad

Graden vert utferda til og med 1. september 2024.

Frist for å søkje 

Du må sende søknad til Høgskulen seinast 1. juni 2024. Om du tek utdanning som vert avslutta våren 2024, kan du ettersende dokumentasjon på bestått resultat etter fristen. Du må ettersende slik dokumentsasjon straks dette er mottatt av deg. 

Vilkår du må oppfylle

Du kan få tildelt ein sjølvvald bachelorgrad på grunnlag av 180 studiepoeng, der følgjande må inngå:

  • Fordjupingseining på minimum 80 studiepoeng 
  • Breiddeeining på minimum 30 studiepoeng. 
  • Kvar eining må vere fastsett som emne, fag eller studieprogram. 
  • Dei resterande studiepoenga kan bli tatt som frittståande emne. Desse må ha eit omfang på minimum 5 studiepoeng.
  • Fordjupinga må innehalde eit sjølvstendig arbeid på minimum 15 studiepoeng i form av ei bacheloroppgåve, anna teoretisk arbeid, praktisk eller kunstnarleg arbeid, individuelt eller i gruppe.
  • Minimum 60 studiepoeng av utdanninga må vere avlagt ved HVL, jf. forskrift om godskriving av høyere utdanning.

Definisjonar

Studieprogram er ei samling emne på 30 studiepoeng eller meir med eit samla læringsutbytte som er fastsett i studieplan, som søkjarar kan få opptak og studierett til, og som fører fram til ei avslutta utdanning, grad eller yrkesutdanning.

Emne er den minste eininga som gir uttelling i form av studiepoeng, og som kan gå inn i eit studieprogram eller tilbydast med eige opptak. Eit emne har eit læringsutbytte som er fastsett i ein emneplan. Emne skal som hovudregel ikkje ha mindre omfang enn fem studiepoeng.

Fag er i denne samanheng ei samling av nærtslekta emne/emnegrupper innanfor same fagområde. 

Eksempel på fagområde ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap kan vere: Administrative fag, bedriftsøkonomisk analyse, maritime fag, metode, samfunnsøkonomi, samfunnsfag, historie.

Retningslinjene er regulert av forskrift om studium og eksamen ved HVL frå 2019, men vart oppheva i forskrift om studium og eksamen frå 1.august 2022 og har ei overgangsordning fram til 1.september 2024.