Sirkulærdagane
Sirkulærdagane rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Målet med dagane er å gjere studentar og tilsette meir bevisste, og å peike på løysingar.
Ein viktig del av sirkulærdagane er å visa kva sirkulære forretningsmodeller som finst i næringslivet og organisasjonar rundt oss med å invitera dei inn på campus og presentera dette for oss med stands, aktivitetar og/ eller føredrag.
I 2024 vil det bli arrangert sirkulærdagar på alle campusar på ulike datoar. Programmet for arrangementa vil bli oppdatert etter kvart.
HVL tar berekraft på alvor!
Verda treng å gå raskare frå ein lineær til ein sirkulær økonomi. Sirkulærøkonomi, også kalla kretsløpsøkonomi, er eit prinsipp for økonomisk verksemd som har som mål at ressursar vart verande i økonomien lengst mogleg. Dette vil ein oppnå gjennom å redusere råvarebruk, avfall, utslepp og energiforbruk til et minimum.
Det er avgjerande for ei berekraftig utvikling at vi legg om til ein meir sirkulær tankegang rundt ressursbruken. Det må ganske enkelt bli slutt på bruk og kast.
Sirkulærdagane rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag, og målet med desse dagane er å gjere studentar og tilsette meir bevisste, og å peike på løysingar. Ein viktig del av sirkulærdagane er å visa kva sirkulære forretningsmodeller som finst i næringslivet og organisasjonar rundt oss med å invitera dei inn på campus og presentera dette for oss med stands, aktivitetar og/eller føredrag.
Hovudfokus har stort sett vært på mat, kle, plast og avfall og me vil løfte fram gode døme på samarbeid og leggja til rette for at studentar kan jobba med eigen idear. HVL Skape er mellom anna involvert i Sirkulærdagane, for me treng gode idear for framtida sine løysingar: Kordan kan naboen din sitt avfall verta din ressurs?
Me ser at det i aukande grad er fleire bedrifter som no tenkjer på denne måten. Der er mellom anna nemnd i Vestland fylkeskommune sin strategi Grøn Region Vestland, og bedrifter på Haugalandet er i ferd med å sjå kva samarbeid om ressurs, energi, transport og avfall kan vera positivt for verksemder. HUB-tankegangen og industriell symbiose er stikkord som kan vera relevante her.
Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, redesign, resirkulering og reparasjonar? Kan vi med enkle grep få eit meir berekraftig forbruk?
Kvar og kva tid skjer dette?
Sirkulærdagane skjer i vårsemesteret kvart år, og i 2024 er det desse datoane som gjeld:
Haugesund: 13. mars
Stord: 6. og 7. mars
Bergen: 12. mars
Førde: 20. mars
Sogndal: 21. mars
Det er satt saman ein komité av tilsette frå alle campus, og studentrepresentant frå Studenttinget som jobbar med arrangementet.
Det som no er viktig for arbeidet vidare, og som førebuing til 2024, er å forankra dagane endå meir i kjerneverksemda i fakulteta. Me ser stort potensiale for ulike studentgrupper å ha oppgåver inn mot Sirkulærdagane og det er aktuelt for dei aller fleste studia me har. Ein sirkulær tankegang er mogleg for dei aller fleste yrker og er eit viktig aspekt ved danninga til studentane våre; at dei veit kva det er og at det er ei utfordring som vil få endå meir fokus i framtida då me må redusera og sirkulera ressursbruken generelt i samfunnet.
Me håpar de vil bidra til Sirkulærdagane ved HVL og at me saman får byggja ein sirkulær kultur i HVL, for studentane våre, for tilsette og saman med våre samarbeidspartnarar.
Siri Smith, klima,- berekraft,- og sirkulærkoordinator ved HVL