Sirkulærdagen i Bergen
Sirkulærdagen rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag. Kva for moglegheiter har vi innan gjenbruk, redesign, resirkulering og reparasjonar? Kan vi med enkle grep få eit meir berekraftig forbruk?
Sirkulærdagen er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med dagen er å bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på mat, kle og plast.
Klesbytemarknad
CycloFix fiksar sykkelen din!
Under Sirkulærdagen kan du få fiksa sykkelen din! CycloFix stiller på campus med sitt mobile verkstad og kan utføre enklare mekaniske reperasjoner av din sykkel (ikkje batteri og el-sykkel-computers).
Du betalar berre for delane!
Skreddarhjelp til øydelagde klede
På Sirkulærdagen kan du få skreddar-hjelp til å fikse dine øydelagde klesplagg! Gründer og tekstilingeniør Yevheniia Strokach stillar med sy-verkstad og kan hjelpe med reperasjon av klede, og komme med gode råd og rettleeing når det gjeld reperasjon og redesign.
Ikkje gå glipp av denne sjansen - ta med øydelagde plagg og gi dei nytt liv!
BIFF-film "Green City Life"
Stad: Mimes Brønn, 15:15. Gratis
Det er spørsmålet filmskaparane Manon Turina og François Marques forsøker å svare på i denne inspirerande dokumentaren. Filmen tek oss med på ei reise jorda rundt for å sjå på ulike strategiar for å minske karbonavtrykk, betre luftkvalitet og sikre matforsyninga i urbane strøk.
Her får vi blant annet sjå vertikale grøntareal, avanserte komposteringssystem, grønnsakshagar som er integrert i bybildet og nye økologiske tilnærmingar til arkitektur.
Ein film som er like tilgjengeleg som den er løysingsfokusert. Det er lett å bli handlingslamma i møte med klimaendringar, men dette er en film som visar oss at så lenge det fins tilstrekkeleg med grøntområde, så fins det og grobunn for håp.
Tekst og bilete er henta frå BIFF sine sidar