Sirkulærdagen i Førde
Sirkulærdagen rettar fokus mot ein meir klimasmart og miljøvennleg kvardag.
Sirkulærdagen er for tilsette, studentar og andre interesserte som vil ta turen til HVL. Målet med dagen er å bli meir bevisst, og å peike på løysingar med hovudfokus på mat, kle og plast.
Program campus Førde
20. mars - Fiksefest på campus
Kl 14.00 - Scena i kantina
- Gründerbedrift LAPPE – fortel om sin berekraftige forretningsidé og HVL Skape
- Teknofiksing med Restarters Norway
Kl 14-18 - Ved servicetorget
Husflidlaget stiller med symaskiner og du får rettleiing og hjelp av kompetente skreddarar.
Ta med deg klede for reparasjon!
Kl 14-18 – I læringslaben
Restarters Norway kjem til Campus Førde! Nytt høve til å få fiksa elektroniske duppedittar.
- Fiksing av ladarar, datautstyr i vidaste forstand og alle slags elektroniske artiklar.
- Autoriserte fagfolk får ting til å virke slik at dippeduttane dine tener deg lenger.
- Dei reparerer alt du kan «ta under armen» inkludert PC-skjerm, IT-utstyr, mobilar og elektriske artiklar.
- Du må stille med eventuelle reservedeler.
Ta med elektronikk du vil reparere!
Kl 14-18 – rundt på campus
Diverse aktivitetar: Konkurransar, spel og påskekrim. Bordtennis og innegolf.
Kl 14-20 - På Akutten
Kom på loppemarknad til inntekt for krigsramma! Det vert sal av klede for store og små, barneleikar, mat kaffi og kaker. Inntektene går uavkorta til Flyktningehjelpens arbeid i Gaza
Gratis mat og drikke!
Kl 14: Smoothie i kantina – ta med eigen kopp!!
Kl 16:30: Lapskaus