Campusutvikling
Utvikling av levande campusar var ein viktig del av fusjonsavtalen som skapte HVL, og campusutvikling har ei særs viktig rolle i det langsiktige arbeidet med kultur- og institusjonsbygging.
På denne sida finn du informasjon om campusmøta som starta opp i 2023 som ei vidareføring av campusutviklingsprosjektet, og du finn rapportane frå dei fem delprosjekta.
- For HVL handlar campusutvikling om den faglege aktiviteten på campus.
- Vi skal ha berekraftige campusar med tydelege profilar og sterke lokale røter.
- Campusane skal vere attraktive for studentar og tilsette, og arbeids- og samfunnslivet skal kjenne eigarskap til campusane våre.
- Prosjektet campusutvikling har pågått frå august 2020 til august 2022. Det har i denne perioden blitt gjennomført delprosjekt ved alle fem campusar.
Campusmøte
Som ei vidareføring av campusutviklingsprosjektet, er det i 2023 oppretta campusmøte ved dei fem campusane.
Campusmøta skal vere:
- rådgivande koordineringsarenaer for campusutvikling ved kvar av dei fem campusane.
- rådgivande organ for campusutvikling til toppleiinga i HVL
Her kan du lese mandatet for campusmøta ved HVL (pdf)
Medlemmar i campusmøta
Her finn du oversikt over medlemmane i campusmøta.