Chat
HVL har fleire chat-funksjonar – både døgnopen virtuell assistent og manuell chat som er open til visse tider.
Mime kan svare deg heile døgnet
Den virtuelle assistenten vår, Mime, kan svare på spørsmål om mellom anna IT-system, opptak til studier, studiestart og kvardagen som student ved HVL.
Mime er ein chatbot som er under opplæring, og kan hjelpe til med meir og meir etterkvart som tida går. Om ikkje lenge vil studentar og tilsette kunne velje å logge seg inn for å få meir presise svar enn no.
Spør studentane våre
Lurar du på noko om studiekvardagen ved HVL? Fram til jul er vår studentdrevne chat open kvar mandag frå kl. 11.30 til 15.00.
Her kan du prate med våre studentar om alt frå fagval og campusliv, til studietips og praktiske råd.
Du kan komme i kontakt med Mime nedst på alle nettsidene på hvl.no og i Canvas.
Har du spørsmål til biblioteket vårt?
Biblioteket vårt har ein manuell chat. Den manuelle chatten er bemanna kvardagar klokka 10–14. Du finn den på nettsidene til biblioteket.