Parkering campus Bergen

Her finn du informasjon om parkering for campus Bergen på Kronstad, og for dykkarutdanninga i Skålevik.

Parkering Kronstad

Det er avgrensa moglegheit for bilparkering på campus Bergen på dagtid. Gjesteparkeringsplassen finn du ved inngang C og er forbeholdt besøkande.

HVL nyttar Vestpark sitt parkeringssystem, og gjester kan parkere fritt på gjesteparkeringa i 2,5 timar. Bilen sitt nummerskilt blir registrert, og betalingsregistrering byrjar etter 2,5 timar. Desse reglane gjeld berre måndag til fredag mellom kl. 06-17.

I helger, på helligdagar og etter kl. 17.00 på vekedagar kan høgskulens si gjesteparkering brukast fritt. Merk at HC-plassar og MC-plassar er reservert denne type køyretøy også i desse periodane.

MC-køyretøy må parkere i oppmerka felt bak bygget. Innkøyring ved inngang C eller frå St. Hallvards veg.

Den enklaste måten å registrere og betale for parkering er å laste ned appen Unum. Om du ikkje føretar deg noko, vil du få tilsendt ein faktura ved parkering i meir enn 2,5 timar. 

Det finst også parkeringsmuligheter utenfor campus i Svaneviksveien og i Kronstadparken parkeringshus i Fabrikkgaten.

Parkering Skålevik

Dykkerutdanninga held til i Skålevik. Adressa er Skålevikvegen 60, 5178 Loddefjord.

Ta buss nr. 5 frå sentrum til Loddefjord terminal. Bytt til buss nr. 45 og gå av på Skålevik snuplass.

Det er gratis parkering rett framfor skulen så lenge det er ledige plassar.

Lading av elbil

Campus Bergen tilbyr ikkje lading av bil, men Bergen sentrum og omegn har mange ladestasjonar som kan nyttast.

Funksjonsnedsetting

På Kronstad er det 11 HC-plassar, som kan brukast kostnadsfritt dersom du har kommunalt HC-kort/parkeringsløyve.

Sykkelparkering

Det er sykkelstativ til rundt 900 syklar på campus Bergen.

I tillegg har Bergen bysykkel eit stativ med plass til 20 bysyklar. Anbefalt sykkeltrasé frå sentrum er Fjøsangerveien via Fabrikkgaten.

Søknadsskjema for fast parkeringsplass på Kronstad

Tilsette og studentar som har fast plass hausten 2024, må søke på nytt for våren 2025. Søknadsfrist for fast parkeringsplass våren 2025 er 15. november 2024. Prisen for fast plass er kr. 5 000 for ett semester. For kortere tidsrom er egenandel kr. 1 000 per måned.

Frist for å søke:

  • For våren: 15. november
  • For høsten: 25. mai

Når det gjeld kriterium for tildeling av fast plass viser vi til høgskulen sine retningslinjer for parkering:

Vilkår for søknad (Nynorsk):

Skjemaet gjeld søknad om tildeling av parkeringsplass ved Høgskulen på Vestlandet. Tildeling skjer etter behovsprøving, og er meint for å gje avlasting til tilsette/studentar som ville hatt ein vesentleg tyngre kvardag utan muligheit til å parkera.

Plassane blir tildelt mot eigenandel på kr. 5 000 (eitt semester). For kortare tidsrom er eigenandelen kr.1 000 pr. månad. Søkjerar som får tildelt plass vil få send parkeringsoblat til seg.

Søknaden skal fyllast ut digitalt og sendast inn frå denne sida. Du vil bli beden om å lasta opp anten legeerklæring eller fødselsattest for barn i barnehage. Det visast elles til eige skriv om søknadsprosessen for nærare retningsliner.

Merk at personar med kommunalt parkeringsbevis for forflytningshemma ikkje treng å søkja om plass.

Søknadsfrist for tildeling for hausten er 15. mai, og for våren 15. oktober. Ved ledig kapasitet vil søknadar som kjem inn etter fristen behandla fortløpande.

Her kan du se kriteria for tildeling av fast parkeringsplass

Vilkår for søknad (Bokmål):

Skjemaet gjelder søknad om tildeling av parkeringsplass ved Høgskolen på Vestlandet. Tildeling skjer etter behovsprøving, og er ment for å gi avlastning til ansatte/studenter som ville hatt en vesentlig tyngre hverdag uten mulighet til å parkere.

Plassene tildeles mot egenandel på kr. 5 000 (ett semester). For kortere tidsrom er egenandelen kr.1 000 pr. måned. Søkere som får tildelt plass vil få tilsendt parkeringsoblat.

Søknaden fylles ut digitalt og sendes inn herfra. Du vil bli bedt om å laste opp enten legeerklæring eller fødselsattest for barn i barnehage. Det vises ellers til eget skriv om søknadsprosessen for nærmere retningslinjer.

Merk at personer med kommunalt parkeringsbevis for forflytningshemmede ikke behøver å søke om plass.

Søknadsfrist for tildeling for høsten er 15. mai, og for våren er 15. oktober. Ved ledig kapasitet vil søknader som kommer inn etter fristen behandles fortløpende.

Her kan du se kriterier for tildeling av fast parkeringsplass


Spørsmål om parkering?