Parkering campus Førde

Her finn du informasjon om parkering og lading av bil for campus Førde.

Parkering

Det er gode parkeringsforhold på campus Førde, og det er gratis å stå på oppmerkte plassar. Du treng ikkje reservere plass eller ha parkeringsløyve. Feilparkerte biler kan bli fjerna for eigar si rekning og risiko.

Lading av bil

HVL campus Førde tilbyr lading av elbil for tilreisande tilsette, gjesteførelesarar og andre inviterte gjester.

Besøkande må ha med eigen ladekabel. Ladestasjonane er av type Easee type II og Servicetorget låner ut ladebrikker.

Det er to ladeplassar utandørs ved HC-parkeringa og éin i lukka garasje med innkøyring frå nedsida av bygningen. Bruk av denne plassen krev tilgang til garasjen og må avtalast på førehand med Servicetorget.

I kartet over campus Førde finn du oversikt over parkeringsplassar og ladeplassar.

Lokalt tilsette, studentar og andre kan bruke ladestasjonane hos Helse Førde på den andre sida av Svanehaugsvegen.

Funksjonsnedsetting

Campus Førde har HC-parkering ved Svanehaugvegen, der du kan parkere med gyldig HC-løyve synleg i bilen.

Sykkelparkering

Campus Førde tilbyr sykkelparkering.

Spørsmål om parkering

Spørsmål kan rettast til Servicetorget på 55 58 58 00 eller ADU drift ved Karl-Eric Melander på 950 85 424.