Parkering og ladestasjon på campus Stord
Vi har gode lade- og parkeringsforhold på campus Stord.
På Mazemap kan du sjå kart over campus Stord og kor du kan parkere. I tillegg har campus Stord parkeringsplass ved alleen og ved Aula.
Ved lading, ver venleg å flytte bilen til ein parkeringsplass når du har lada det du treng, slik at andre slepp til.
Parkering
Parkering på campus Stord er gratis, men merk at feilparkering medfører borttauing på eigar si rekning. Ikkje parker på plassar for ladestasjonar eller HC-parkering.
Bil parkerer du innanfor oppmerkte kvite felt.
Motorsykkel/moped parkerer du inntil vidare på dei same oppmerkte kvite felta som bil.
Sykkel/elsykkel parkerer du ved sykkelparkeringa ved Aula eller ved studentheimen.
Lading av elbil
Campus Stord har 14 ladestasjonar der du kan lade mot betaling med Laddel si betalingsløysing.
Her finn du ladestasjonane på campus Stord
Bruk eigen ladeledning. På den store parkeringsplassen (parkering I) bak sjukepleiarbygget finn du følgande TYPE II ladestasjonar:
- 1 stk. reservert funksjonsnedsette (ta til høgre - køyr rett fram)
- 11 stk. til bruk for alle (ta til venstre - køyr rett fram). Dei på blå merking ladar først, deretter dei med kvit merking på den andre sida.
I tillegg er det 2 stk. Type II ladestasjonar ved studenthuset Granheim.
Korleis ladar og betaler eg?
- Last ned Laddel appen og opprett ein brukar (bruk QR-koden på ladestasjonen)
- Registrer eit betalingskort
- Start lading - skriv inn koden på ladestasjonen i appen - trykk Start
- Avslutt lading - trykk på Stopp i appen og frigjer ladekabelen frå bil og ladestasjon.
- Kvittering - oversikt vil du finne under Historikk i appen.
Kva kostar det å lade?
Pris på lading er kr. 4,58 pr. per Kwh. Beløpet dekker nettleige og andre strømrelaterte utgifter. I tillegg tar Laddel ei administrasjonsavgift på 40 øre Kwh per lading.
Treng du hjelp med lading?
Ring Laddel sin døgnopne kundesupport - 380 04 090 - så vil dei kunne hjelpe deg.
Bubilparkering
Campus Stord har 2 parkeringsplassar for bubil utan straum (parkering I). Ønskjer du å nytte desse sender du søknad til drift ved Harald Thuestad eller Nils Inge Hatlevik i god tid før du kjem til campus.
Funksjonsnedsetting
Ved Aula (parkering H) finn du to HC-parkeringsplassar for dei med funksjonsnedsetting.
Treng du lade bilen din kan du bruke ladestasjonen reservert funksjonsnedsette på den store parkeringsplassen (parkering I). Ta til høgre og køyr rett fram.
Spørsmål om parkering på campus Stord?
ADU Stord hjelper deg gjerne. Ring 911 68 465 eller 901 32 778 eller send e-post til Nils Inge Hatlevik eller Harald Thuestad