Obligatoriske aktivitetar ved HVL

Obligatoriske aktivitetar er regulert i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet og rettleiar vedteke av Utdanningsutvalet.

Definisjon og vilkår for obligatorisk aktivitet

Ein aktivitet kan vere innlevering av skriftleg arbeid, samarbeid i gruppe, ferdigheitstrening, praksis, feltarbeid, laboratoriearbeid/-kurs, ekskursjon, feltarbeid, presentasjon, m.m.

Det kan setjast vilkår om at aktiviteten skal vere obligatorisk for å kunne framstille seg til eksamen eller gå ut i praksisstudium. Aktiviteten må oppfylle minimum eitt av desse vilkåra: 

  1. Aktiviteten gir ein vesentleg kompetanse eller ferdigheit som er del av føremålet med utdanninga, som ikkje kan prøvast på ordinær eksamen.
  2. Aktiviteten gir eit fagleg utbytte, ein vesentleg kompetanse eller ein ferdigheit som er nødvendig for å kunne få fullt utbytte av undervisninga. 
  3. Oppmøte kan bli gjort obligatorisk om deltaking er viktig av omsyn til studiekvaliteten. 

Godkjente aktivitetar er gyldige utan tidsavgrensing om ikkje emneplanen presiserer noko anna. 

Godkjent/ikkje godkjent inngår ikkje i endeleg karakter.

Fristar

Aktivitetar må vere godkjent før dato for eksamen. 

Emneansvarleg fastset frist for når obligatoriske aktivitetar skal vere gjennomført. Så langt det lar seg gjere, skal fristen vere slik at studenten har høve til å gjennomføre eit nytt forsøk på ikkje godkjente aktivitetar. 

Emneansvarleg er ansvarleg for registrering av resultat seinast to veker før eksamensdato. Om undervisning går tett opp til eksamen, skal obligatoriske aktivitetar vere registrert éin dag etter siste undervisningsdag.

Tilrettelegging

Studentar som kan dokumentere særskilte behov, har rett på tilrettelegging etter forskrift om studium og eksamen ved HVL kapittel 7. Frist for å søkje tilrettelegging er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret, eller straks behovet for tilrettelegging blir kjent. 

Avgjerd om tilrettelegging er enkeltvedtak som skal registrerast i arkivsystemet.

Tilrettelegging skal ikkje føre til seinking av faglege krav. Om det er læringsutbytte i emneplanen som berre kan bli oppnådd gjennom ein obligatorisk aktivitet, kan ikkje studenten få fritak frå aktiviteten. Dette kan til dømes vere læringsutbytte knytt til samarbeid som blir dekka av obligatorisk gruppearbeid.

Tid, ressursbruk og faglege krav kan gjere at det ikkje er mogleg å gi tilrettelegging. Dette må vurderast konkret.

Studie- og emneplan

Emneplanen skal synleggjere kva obligatoriske aktivitetar som skal gjennomførast i emnet, jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 8-4 (2).

Minstekravet for å få godkjend aktiviteten må gå fram av emneplanen. Dette kan til dømes vere krav til oppmøte. 

Det er ikkje naudsynt at faglege vurderingar som ligg til grunn for obligatoriske aktivitetar står i emneplanen. Det er tilstrekkeleg at studieplanen inneheld ei overordna grunngjeving kring dette.

Forskrift om studium og eksamen ved HVL § 8-4  

Rettleiar for obligatoriske aktivitetar - Utdanningsutvalet 22/24