Oppsummerte arbeidsåret med arbeidsutvalet i Studenttinget

Onsdag 29. mai var arbeidsutvalet og rektoratet ved Høgskulen på Vestlandet fysisk samla i Bergen for å summera opp og markera avslutninga på samarbeidet og arbeidsåret.

Arbeidsutvalet har studenttillitsvalde ved alle våre fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord - og dei faste møta med rektoratet er digitale. Samlinga onsdag 29. mai var den første fysiske. Ein serie viktige saker har uansett vore oppe, frå geopolitikk til praksisvilkår for HVL-studentar.

Studentdemokrati og -medverknad er avgjerande viktig for utvikling av utdanning, forsking og formidling i HVL og for utviklinga av Universitetet på Vestlandet, men ikkje noko av dette kjem av seg sjølv.

Takk for alt arbeid som er lagt ned og for grunnlaget som er skapt for godt framhald!

Studenttinget på Vestlandet