Lukke til med innspurten

I desse vakre mai-dagar og heilt fram mot siste delen av juni er mange tusen studentar ved Høgskulen på Vestlandet hektisk opptekne med å fullføra studieåret 2023-2024.

For mange er det eksamenar i ulike former (munnleg, skriftleg, fysisk/digitalt), for andre er det større skrive-arbeid som skal fullførast (bachelor og master).

Kvardag og helg, seint og tidleg, sit det studentar, åleine eller i grupper, og arbeider intensivt med studiane – i Bergen, i Førde, i Haugesund, i Sogndal og på Stord. Lukke til kvar og ein, lukke til alle saman!

Søndags kvelden den 5. mai møtte eg Frida, Kristine og Olav Markus på eit grupperom i fjerde høgda på Kronstad 2 (K2), ved vårt campus Bergen, der dei sat fullt opptekne med å fullføra bachelor-oppgåve i landmåling og eigedomsdesign.

Frida Landro Johansen (22 år) er frå Sotra, Kristine Bellen Wear (23) er frå Røyken (Asker kommune) og Olav Markus Stiegler Folgerø (26) er frå Bergen.

Korleis gjekk det til at de tre skriv oppgåve saman?

Kristine: - Me er no inne i siste semester av ei treårig utdanning. I studiet har det vore mykje gruppearbeid og diskusjon, og me har funne fram til at akkurat me tre er eit godt lag.

Frida: - Me utfyller kvarandre godt slik at lesing, skriving og teknologisk grunnlag vert teke godt i vare.

Kva handlar oppgåva om?

Kristine: - Me lagar eit dashboard for Bergen brannvesen slik at dei får ein hendig digital reiskap som koplar mellom ulike eigedommar i Bergen og eit geografisk informasjonssystem (GIS). Me har stadig kontakt med brannvesenet om korleis dette kan utviklast for deira føremål. Dei syner stor interesse.

Olav Markus: - Det at me har ein interessent som kan ha nytte av oppgåva vår gjer at me er særleg merksame på teknologi-bruk. Det finst programvare som fordrar lisensar og gir store ekstra-utgifter om det skal utviklast vidare og takast i bruk. Difor har me valt ei programvare med ein open kjelde-kode, og slik er vidare utvikling mogleg utan at eventuell lisens frå teknologi-leverandør vert ei sperre.

Kor omfattande er oppgåva dykkar og kor mykje arbeid legg de ned?

Olav Markus: - Oppgåva er på 20 studiepoeng. Det betyr at det er 10 studiepoeng til å fullføra dette semesteret. Men alle me tre har teke 10 studiepoeng tidlegare, slik at me kan bruka all vår tid på oppgåva dette semesteret.

Frida: - I omfang snakkar me om nær 80 sider.

Kristine: - Me har arbeidd veldig disiplinært og kvar einaste dag heilt sidan byrjinga av januar. I helgane har me teke fri. Det at du finn oss her på ein søndagskveld skuldast vår planlegging i høve til veret. Me tek heller fri ein solskinsdag og arbeider ein søndag der det er meir grått ute.

De nærmar dykk fullenda bachelor i landmåling og eigedomsdesign. Kvar går ferda vidare?

Kristine: - Eg er litt usikker. Det vert arbeidslivet eller vidare studiar. Studiet har både teknologiske og juridiske emne so det er mykje å fordjupa seg i. Arbeidsmarknaden er uansett interessant, både i offentleg og privat sektor, og både på landjorda og offshore.

Olav Markus: - Eg er veldig klar for å byrja å arbeida og å tena pengar, og har alt fått arbeid i Zenith Survey.

Frida: - Eg skal faktisk byrja på Avinor sin flygeleiar-skule. Det visste eg for fleire år sidan, men eg ønskte å ta denne bachelor-utdanninga både for utvikla kunnskap og meg sjølv.

Korleis har det vore å studera ved HVL?

Kristine: - Me er veldig nøgde med skulen og alt. Dette semesteret her har me til dømes alltid kunna planlegga arbeidet vårt og hatt tilgang på svært gode lokalitetar her på Kronstad. Det vert lagt godt til rette for at arbeidet vårt kan skje på skulen både kvardag og helg.

Frida: - Undervisninga, rettleiinga og studiemiljøet har vore av beste merke. Eg vil seia at me har hatt det både hyggeleg og utfordrande.

Olav Markus: - Eg opplever at HVL i Bergen vinn mykje på å ha samla so mange ulike utdanningar og fagmiljø på ein stad. Kronstad har i seg noko heilt eineståande.

Takk, det var veldig positivt og hyggeleg å høyra for rektor. Det er også eit godt tidspunkt å avslutta samtalen på. Lukke til med fullføringa, Frida, Kristine og Olav Markus!