Studiestad Europa

Tekniske dugleikar er fåfengde utan kultur (Gweddw crefft heb ei dawn). Dette er mottoet til Swansea University, det walisiske vertskapet for årskonferansen til European University Association (EUA), 10.-12. april 2024.

Universitet og høgskular frå heile Europa tek del. Det sentrale temaet er korleis ein tek i vare integritet i tider med djuptgripande samfunnsendringar og med teknologiar som endrar grunnvilkåra for utdanning og forsking.

Høgskulen på Vestlandet tek del på konferansen med eige sesjonsinnlegg. Me legg fram våre erfaringar, lærdommar og perspektiv på bruk av kunstig intelligens. Sentralt grunnlag er undersøking mellom våre eigne studentar og tilsette.

HVL har stilt med innleiingar dei tre siste åra:

Ved Universitetet i Swansea er tittelen på innlegget vårt «Navigating the Nexus of AI in teaching: Promising technology or a potential threat to integrity? A need for revitalizing academic norms”.

HVL stiller med innleiingar for å dela våre innsikter og erfaringar. Men det viktigaste er å få tilbakemeldingar og lærdommar frå andre. Årskonferansen er ein stad for å dela, ein stad for å læra. Studiestad Europa.

European University Association (EUA)