Europeisk møteplass med musikk

I veke 16 gjorde HVL Stord om til møteplass for studentband, studentar og faglærarar frå fire europeiske universitet, og for bransjefolk frå den store europeiske festivalprodusenten Europavox. Tema: «Music and democracy».

Programmet har vore fullspekka med aktivitetar i og rundt campus. HVL sitt fine fagmiljø innan praktiske og estetiske fag har vist veg og styrka band til internasjonale partnarar.

Visjonen til EuropaVox Campus er å vera eit springbrett ut i Europa for studentband. Utover tevlinga er EuropaVox Campus tenkt å vera ein arena for samskaping og dialog, og ein måte å skapa samvirke mellom universitet, kulturfeltet og innbyggarar elles.

Prosjektet har blitt realisert gjennom eit samarbeid mellom EuropaVox og partnaruniversiteta Høgskulen på Vestlandet (Norge), Université Clermont Auvergne (Frankrike), Universitatea Ovidius (Constanta, Romania) og Ostbayerische Technische Hochschule (Regensburg, Tyskland)

Studentane frå Frankrike, Romania, Tyskland og Norge toppa det heile med studentband-konkurranse torsdag 18. april på den flotte scena på Arena i Leirvik sentrum.