Geografisk lokalisering av utdanning spelar ei avgjerande rolle for samfunns- og arbeidsliv

Eg skriv om dette i Khrono saman med mine rektor-kollegaer Pia, Peer Jacob og Hanne ved Universitetet i Sørøst-Norge, Høgskolen i Innlandet og Nord universitet.

Tilgangen på lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar og anna kompetent arbeidskraft vert i mykje bestemt av kvar utdanningstilbodet er lokalisert. Difor er det so viktig at universitet og høgskular med ansvar for utviklinga ved fleire campus er garantistar for høg kvalitet i utdanning og forsking.

Bakgrunnen for kronikken er at Stortinget i nær framtid handsamar både Opptaksmelding og Profesjonsmelding.