Full bemanning på opptakskontoret

Ved Høgskulen på Vestlandet har me i sommar ein særskild beredskap for å gjera lokalt opptak til våre utdanningar i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord.

For å handtera søkarar som ikkje har kome inn på grunnskulelærar-utdanning og sjukepleie-utdanning gjennom samordna opptak, køyrer me full bemanning for lokalt opptak frå morgonen laurdag 20. juli. Både laurdag og søndag 21. juli har me full bemanning på opptakskontoret og har også hyra inn ekstra hjelp.

- Me vil gjera vårt til at søkjarar til utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet får raskt svar, seier Hans Eivind Dalsbø, rådgjevar ved eining for studieopptak.

Frå onsdag 17. juli mottek fleire tusen søkarar til høgare utdanning i Noreg melding om korleis deira søknad ligg an. I dagane som kjem må det endelege valet av studium og studiestad gjerast.

Opptak vert frå måndag 22. juli gjort til alle ledige studieplassar, men særskilde omstende ved grunnskulelærarutdanninga og sjukepleieutdanninga gjer at me alt i helga har eit eige fokus på desse. Det lokale opptaket legg dei nye opptaksreglane frå styremaktene til grunn, slik at søkarar med studiekompetanse er kvalifiserte. Men dei må søka på nytt. 

Lukke til med godt og profesjonelt opptak, Hans Eivind og gjengen!