Den viktigaste sommaren

Eg håpar inderleg at ein denne sommaren får lagt det første viktige grunnlaget for ei varig og fredeleg løysing på Gaza. Partane må følgja opp FN-resolusjonen av 12. juni om våpenkvile. Berre slik kan forhandlingar koma i gang.

Me lever på trygg og komfortabel avstand. Men Israel/Gaza-krisa er også krevjande for Høgskulen på Vestlandet. Fleire tilsette og studentar har i vår teke direkte kontakt. Mange er urolege for det som skjer på Gaza. Nokre er lei seg for norske media si framstilling av hendingane. Andre meiner norske styremakter sine utspel er uheldige. Dette både i høve til det som skjer i Gaza og i høve til korleis det er å leva og bu i Noreg for dei som har opphav i konfliktområdet. Nokre har teke initiativ til akademisk boikott av Israel.  Andre åtvarar mot dette.

Som rektor lyttar eg til og vurderer alle innspel som kjem. Tematikken har vore innom både styret og leiinga i HVL, og eg har også fått råd frå tillitsvalde. Som medlem i styret for Universitets- og høgskulerådet (UHR) har eg også fått diskutert saka med andre rektorar og forma utsegner frå UHR

Nokre etterlyser eit tydelegare HVL. Det kan eg forstå. Det er ein massiv menneskeskapt tragedie som utfaldar seg i vår tid.

Våre argument og hang til fredsæle ordskifte, og vår fredelege, privilegerte posisjon står i skarp kontrast til terror og krig.

Heilt sidan i haust har me likevel halde fast ved følgjande:

  • Krigshandlingane og drapa på sivile må ta slutt
  • Folkeretten må respekterast
  • Partane må koma i gang med reelle forhandlingar

So har eg rosa initiativ frå tilsette i HVL der ein brukar faglege krefter til å kasta lys over konflikten og også peikar på moglege politiske løysingar ut av uføret. Internt i høgskulen er det heilt grunnleggjande at ingen tilsette eller studentar vert trakasserte for sitt opphav eller sine meiningar. Me er gode når tilsette med opphav eller bakgrunn frå internasjonale konfliktområde opplever at kollegaer bryr seg og tek kontakt.

I høve til spørsmålet om akademisk boikott har dette først kome opp denne våren. HVL har ikkje teke initiativ til å setja noko slikt i verk. HVL har ikkje institusjonelle utvekslingsavtalar med israelske eller palestinske institusjonar. Men me har samarbeid med israelske institusjonar i to EU-prosjekt der me er deltakarar.

Frå mi si side er det ikkje teke initiativ til å endra noko av dette. Vårt internasjonale kunnskapssamarbeid har kimen i seg til å gi gode ringverknader for folk og samfunn. Innanfor gjeldande lover og reglar, og med tuft i akademisk fridom, kan tilsette og studentar sjølv bestemma kven dei vil samarbeida med.