Godt i gang med studiane
Andrea Elisa Guddal Aarseth er 22 år og kjem frå Eikefjord, og Daniel Garnes er 20 år og kjem frå Sotra.
Eg ser de er godt i gang med studiane. Kva skjer?
Andrea Elisa: - Me held på med emnet «Klinisk sjukepleie». Det er ganske utfordrande med både førelesingar og faglitteratur som må lærast og kunnast.
Sjukepleieutdanninga er kjend for å ha store deler av utdanninga i praksis. Korleis artar dette seg for dykk?
Daniel: - Praksis er eit viktig og bra element i utdanninga der me får prøvd ut kunnskapane våre. I første studieår hadde eg praksis i kommunal sjukeheim. Dette studieåret skal eg ha praksis ved sjukehus og det ser eg verkeleg fram til.
Korleis er det med studentlivet i Førde, handlar alt om studiane?
Daniel: - Me har eit fint studentmiljø. Men ein må engasjera seg. For eigen del er eg med på mange aktivitetar, men aller mest i studentidretten.
Andrea Elisa: - Eg er med i studentsamfunnet og det er stadig spanande ting som skjer både på Studentkroa Akutten og andre stader.
De er enno ikkje midtveges i studiet, men de har kanskje sikta dykk inn mot eit framtidig arbeidsliv?
Andrea Elisa: - I utdanninga får me mange ulike erfaringar, so ting kan endra seg. Men eg har alltid hatt eit ønske om å arbeida på medisinsk avdeling på eit større sjukehus.
Daniel: - Innanfor sjukepleie er det mykje å velja mellom. Men eg har hatt og har framleis ei særleg interesse for å arbeida med barn med diabetes.
Takk for praten og lukke til vidare, Daniel og Andrea Elisa!