To studentar smiler til kamera. På bordet framfor dei står det ein koffert med poker-sjetongar, samt ein poster for eit pokerkveld-arrangement.

Pokerlag i kveld?

Hin dagen møtte eg studentane Anne Lønn (22 år) og Steinar Møller (23) i full aktivitet på Kronstad. Dei førebudde pokerkveld på Kronstad.

Anne er frå Stord og er student ved grunnskulelærarutdanninga 1. -7. trinn på andre året. Steinar er frå Rindal i Trøndelag og er snart ferdig med andre året i bachelorutdanninga i fysioterapi.

Men då eg møtte dei var det ikkje studiar dei helst ville snakka om, men ein nært føreståande pokerkveld på Kronstad.

Anne og Steinar er begge aktive i BTS - Bergen Teknikersamfund, studentsamfunnet ved HVL campus Bergen. BTS har røter tilbake til 1877.

Pokerkvelden går inn ein serie av ulike student-arrangement frå strikking via måling til poker, med meir.

Lukke til med tilstellinga Anne og Steinar!

Takk for arbeidet de gjer for å byggja eit godt studentmiljø!

Ikkje noko kjem av seg sjølv og det sosiale og faglege heng ofte nøye saman.