Rektor Gunnar Yttri

Nytt åremål som rektor

Måndag 24. juni tilsette styret for Høgskulen på Vestlandet meg som rektor i eit nytt fireårig åremål frå 1.1.2025.

Eg er takksam, glad og veldig motivert til å ta fatt.

Å vera øvste leiar i omskiftelege tider, krev ikkje berre tydleg leiing, men ogso eit leiarskap som forløyser store menneskelege ressursar. Med grunnlag i nær 17 000 studentar og dyktige tilsette i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord, er ambisjonane høge.

Våre utdanningar, vår forsking og vårt samarbeid med samfunnet rundt, bidreg med kunnskapsutvikling for vitale samfunnsområde. Det er difor viktig for folk og samfunn at HVL og det komande profesjons- og arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet lukkast med å gjera visjonen til røyndom: Kunnskap som byggjer menneske og samfunn.

Eg vil gjera mitt.

https://www.hvl.no/aktuelt/rektortilsetting/