Inspirerande arbeidsøkt om universitetssøknaden

Høgskulen på Vestlandet er komen langt i å ferdigstilla universitetssøknaden til NOKUT. Eit omfattande arbeid som involverer heile høgskulen har funne stad. I sluttfasen av søknadsarbeidet hadde eg ei god arbeidsøkt saman med dei tre rektorane som i 2016 leia an for at Høgskulen på Vestlandet vart skipa frå 1. januar 2017.

Liv Reidun Grimstvedt var i 2016 rektor for Høgskolen Stord/Haugesund, Rasmus Stokke for Høgskulen i Sogn og Fjordane, og Ole-Gunnar Søgnen for Høgskolen i Bergen.

I arbeidsøkta hadde me ein gjennomgang av viktige sider i universitetssøknaden. For meg var det særleg interessant å høyra etter om søknaden har i seg og vidarefører dei mål og middel som dei tre rektorane såg føre seg i tingingane i 2015 og 2016. Slik sett vart arbeidsøkta ei trygging og avklaring. Men arbeidsøkta vart meir enn som so: Dei tre tidlegare rektorane kom med handfaste innspel til forbetringar og presiseringar. Desse innspela har eg teke med inn i sluttføringa av søknaden.

Takk for inspirerande arbeidsøkt, Liv Reidun, Rasmus og Ole-Gunnar!

Og ikkje minst: Takk for den varige given dykkar for å byggja utdanning og forsking sterkare i det profesjons- og arbeidslivsretta Universitetet på Vestlandet.