To viktige stortingsmeldingar

Fredag 5. april 2024 kunngjorde regjeringa to stortingsmeldingar som vil vera formande for høgare utdanning i åra som kjem. "Opptak til høgare utdanning" og "Profesjonsnære utdanningar over heile landet".

Rett nok står handsaming i Stortinget føre, men med alt førearbeid som er lagt ned, skulle ein tru at i alle fall hovudlinjene i det som vert framlagt har tilstrekkeleg politisk grunnlag.

Med våre profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar er både opptaksmeldinga og profesjonsmeldinga viktige for Høgskulen på Vestlandet.

Vedrørande opptaksmeldinga har det vore mykje fokus på opptakskrav til sjukepleiarutdanninga og grunnskule-lærarutdanninga. Regjeringa sine tiltak siktar mot å auka rekrutteringa til desse samfunnsberande utdanningane. Måtte me lukkast! Høgskulen på Vestlandet utdannar sjukepleiarar og grunnskulelærarar til både bygd og by. Rekrutteringsproblema er merkande både for høgskulen og våre samarbeidspartar. Velferd og samfunnsutvikling er under press.

Profesjonsmeldinga vil leggja grunnlag for at lærarutdanning, helse- og sosialfagutdanninga og også ingeniørutdanningar vert meir praksisnære. For HVL som alt har eit omfattande og godt samarbeid med arbeidsliv og praksisfelt, og omfattande obligatorisk praksis i mange av våre utdanningar, må me gå nøye inn i og gje mål og meining til slike tiltak.

HVL er godt rusta i kraft av tilsette som både er sterke på undervisning og samarbeid med arbeidslivet, og også fordi me har omfattande forsking knytt til alle våre profesjonsutdanningar. Kjernen i mykje av denne forskinga er problemstillingar som nettopp er henta frå det arbeidslivet ingeniørar, lærarar, sjukepleiarar og helse- og sosialfagutdanningar verkar innanfor. Det vituge praksisnære må i 2024 byggja på den fremste kunnskapen.

So er det vel nett det som er sjølve kunststykket for det profesjons- og arbeidslivsretta universitetet; å lukkast med kombinasjonen av det forskingsbaserte med det praksisnære i utdanning, forsking og nyskaping.