Gode møte med våre folkevalde

I urolege tider er det særleg fint å leggja fram om det lovande arbeidet ved Høgskulen på Vestlandet HVL til våre folkevalde.
  • Kvart år kjem det over 3000 kandidatar ut frå våre profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar. Dette skjer innanfor økonomi, næring og teknologi, helse, velferd og omsorg, oppvekst, idrett og opplæring, og natur, kultur og samfunn.
  • Forskinga vår rettar seg mot vitale område for folk og samfunn, får stadig større omfang og ligg på høgt internasjonalt nivå.
  • Moderne campusar i Bergen, på Stord, i Haugesund, i Førde og i Sogndal, gir oss ein særleg høg samfunnsverdi.
Desse grunnleggjande eigenskapane saman med nær 17 000 studentar og 2000 tilsette er viktige å vera medvitne om og styrka no når det ligg eit politisk høgtrykk over universitet og høgskular. Ordskiftet går breitt og snøgt. Ny politikk er stadig i emning.
 
Om kort tid vil Kunnskapsdepartementet leggja fram «utsynsmelding» og eit nytt finansieringssystem for sektoren. Seinare i vår kjem distriktsmeldinga, og profesjonsmeldinga er under arbeid.
 
Tysdag denne veka hadde leiinga ved Høgskulen på Vestlandet møte med dei tre stortingsbenkane: Rogalandsbenken, Hordalandsbenken og Sogn og Fjordane-benken.
 
Takk for gode diskusjonar, nyttige innspel og oppdateringar. Takk og til stortingspolitikarane Kari-Anne Jønnes og Erna Solberg som vitja campus Bergen denne veka.