Minnemarkering for 22. juli i Stryn

Det var eit ærefullt oppdrag å representera Høgskulen på Vestlandet HVL ved minnemarkeringa for 22. juli i Stryn i dag.

Varaordførar i Stryn kommune, Torstein Tvinnereim leia det heile og la fram helsing frå Støttegruppen 22. juli. Både han og Sindre Hornnes frå AUF heldt gripande og sterke talar.

Spelemannslaget Fjellljom leia av Arne M. Sølvberg framførte “Blomsten i Stryn” av Per Bolstad.

Min eigen tale følgjer nedanfor.

Det er med takksemd og djup respekt at Høgskulen på Vestlandet tek del på minnemarkeringa for 22. juli i Stryn kommune i dag.

Her i Betaniaparken er det reist eit vakkert og verdig minnesmerke for dei 77 offera for terrorhandlingane i regjeringskvartalet og på Utøya.

8 personar mista livet i eksplosjonen i regjeringskvartalet, 69 menneske vart drepne på Utøya. Av dei som overlevde fekk fleire alvorlege skadar. Etterlatne etter offera leid tap og fekk sår me ikkje lett kan sjå og fatta, men som me alle har ansvar for å lækja.

Me har ansvar for å sjå til at nye terrorhandlingar ikkje kan finna stad. Me har ansvar for å hegna om utviklinga av demokratiet.

Hanne Kristine Fridtun (fødd 15. august 1991) frå Stryn var mellom dei som mista livet på Utøya. Hanne Kristine var då student ved sjukepleieutdanninga i Førde, ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho sikta då mot eit yrke der pleie og omsorg for menneske i ulike livssituasjonar er basis.

I dag er sjukepleieutdanninga i Førde og den tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane ein del av Høgskulen på Vestlandet. Det var ein av våre studentar som vart teken av dage på Utøya. Ugjerningane 22. juli 2011 og tapet av Hanne Kristine Fridtun er ein del av Høgskulen på Vestlandet sitt grunnlag.

Universitet og høgskular har eit særleg ansvar for å sjå til at unge menneske får danning og utdanning som byggjer på kunnskap og forsking. I ei tid med villfarne informasjonsstraumar og konspirasjonsteoriar, er det vår oppgåve å hegna om vitskap og rasjonalitet, leggja grunnlag for den gode dømmekrafta, og skjera gjennom spreiinga av løgn, propaganda og forsøk på manipulasjonar. Det er vår oppgåve, å søka sanninga, å leggja vitskaplege metodar til grunn for forsking og utdanning, og å formidla denne kunnskapen lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Det er i danning og utdanning av studentane våre at det aller viktigaste arbeidet for framtida vert gjort. Det arbeidet skjer kvar dag og manifesterer seg kvart år i tusenvis av kandidatar til samfunns- og arbeidsliv.

Me lyser fred over minnet til offera for terrorhandlingane. Me vil kvar dag arbeida for kunnskap som bygger menneske og samfunn.