Nytt studentombod for HVL og Høgskulen i Volda

I dag møtte eg Gøril Hillersøy, nytt studentombod for Høgskulen på Vestlandet og Høgskulen i Volda.

Det vil seia at ho er studentombod for godt over 22 000 studentar (Talgrunnlag: HVL: 17 580 studentar, HiVolda: 4 200 studentar) fordelt på seks campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord og Volda.

Gøril sin bakgrunn som jurist og pedagog gir godt grunnlag for arbeidet som studentombod. Studentombodet har ei uavhengig rolle ved universitet og høgskular. Sentrale oppgåver for ombodet er å gi studentar juridiske råd om kva rettar dei har, gi studentar rettleiing i saker dei står i, og gi opplæring og kurs til studentar og studenttillitsvalde.

Ombodet er for alle studentar, samstundes som det vil vera ein gode støtte for Studenttinget på Vestlandet og dei mange studenttillitsvalde.

Hjarteleg velkommen og lukka til i viktig ombod, Gøril!