Studiestart 2022 – ein festdag på alle fem campus

Det er kjekt å ønskja studentar, tilsette og gode samarbeidspartnarar velkommen til studiestart og opninga av eit nytt studieår ved Høgskulen på Vestlandet.

Kjære studentar
Velkommen til Høgskulen på Vestlandet!

Welcome to all our international students to the Western Norway University of Applied Sciences. This is your university. This is a modern university guided by the value of being challenging, the value of sharing, and the value of closeness. A close relationship exists between students and staff, and between the university and the work life.

Please, take part in and strengthen our common vision: Knowledge that shapes people and society.

Høgskulen på Vestlandet er eit byggande fellesskap med dugande folk som kvar dag arbeider for å utvikla og å tilby den aller beste utdanninga – med grunnlag i forsking og oppdatert kunnskap.

I Høgskulen på Vestlandet møter du sterke og nyskapande læringsmiljø med eit framifrå bibliotek og moderne laboratorium. Sjå deg ikring på campus der du er – i Bergen, på Stord, i Førde, i Haugesund og i Sogndal og du ser moderne undervisningsbygg i verdsklasse og du ser nokre med dei finaste uteområda Noreg har å tilby.

Ikkje minst du ser ein stor flokk med studentar som tilbyr eit spekter med ulike aktivitetstilbod.

I Høgskulen på Vestlandet gjer me vårt beste for at du skal lukkast.

Viktigast av alt: Den største ressursen i alt dette, kjære student, er likevel deg sjølv. Det er du som må ta i bruk tilboda, det er du som vil studera, det er du som vil læra, det er du som må ta dei viktige vala. Det er du som må vera aktiv deltakar og ikkje passiv tilskodar.

Det er du som må finna den kloke balansen mellom fagstudiar, fritid og arbeid. Det er du som må skapa og byggja kunnskap – åleine og saman med andre. Det å vera student i høgare utdanning krev eit heilt anna sjølvstendig ansvar enn å vera skuleelev i vidaregåande skule.

Kanskje kjenner du deg usikker. Du er kanskje ny i høgare utdanning. Kanskje er du ein av dei mange ungdommane som har fått tida di i vidaregåande skule prega av pandemien.

Vel, du kan kjenna deg trygg og sikker på at du ved å leggja deg til gode arbeidsvanar og rike arbeidsdagar, og ved å følgja studieopplegget ved Høgskulen på Vestlandet, og ikkje minst spørja om råd, so vil du lukkast. Gjennom ditt eige arbeid med studiet byggjer du kunnskap og du byggjer deg sjølv som fagperson og menneske.

Oppi alt det nye som omgir deg: ver ein god ven og ha auge menneska rundt deg.

Det er gledeleg og stort at studentar ved Høgskulen på Vestlandet kjem ut i og formar arbeidslivet i Noreg.

Det er stort behov for våre kandidatar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Anten du studerer innan økonomi, næring og teknologi,
innanfor helse, velferd og omsorg,
innanfor oppvekst, idrett og opplæring,
eller innanfor natur, kultur og samfunn.

Vit dette: Framtida treng deg!

Men det gode samfunnet treng ikkje berre arbeidsame og pliktoppfyllande studentar. Vårt demokratiske samfunn treng studentar som er kritiske,
studentar som står opp for viktige verdiar,
studentar som evnar å skjera gjennom propaganda og desinformasjon,
studentar som alltid søkjer sanninga,
studentar som leitar etter dei beste løysingane,
studentar som legg vitskaplege tenkemåtar til grunn for arbeid og argument,
studentar som i ulike situasjonar i livet og arbeidslivet rår over ei god dømmekraft.

Det er kvar og ein av dykk studentar som gjennom flid og tid kan gjera visjonen til Høgskulen på Vestlandet til røyndom:
Kunnskap som bygger menneske og samfunn.

Velkommen som student, gratulera med dagen og lukka til!