Senter for fysisk aktiv læring

SEFAL har som mål å vere leiande innan utvikling, evaluering og forsking for fysisk aktiv læring.

SEFAL har som mål å gje elevane: 

  • ein meir aktiv, praktisk og variert skuledag
  • meir fysisk aktivitet og mindre stillesitting
  • fysisk aktivitet som ein metode for læring

Senteret vil formidle kunnskap om fysisk aktiv læring og fysisk aktivitet i skulen, og utvikle kunnskapsalliansar med  nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.