Reglement for dekking av bu- og reiseutgifter i forbindelse med praksis

Reglementet gjeld for studentar som tar utdanning med krav om praksis og som har ekstrautgifter til bustad eller reise under praksisgjennomføring. Du kan søke om refusjon for eitt av alternativa nedanfor: 1. Ekstra utgifter dersom du må bu vekke i praksisperioden eller 2. Daglege pendlarutgifter.

Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad er rekna som normalt (3 timar per dag). I nokre av praksisperiodane må du rekne med å bu på praksisstaden dersom avstanden er for stor til å pendle.

For enkelte utdanningar kan det ved spesielle tilfelle gjerast særskilt avtale om refusjon av utgifter utover ramma i dette reglementet. Det må i så fall vere avklart med praksisadministrasjonen ved fakultetet på førehand.

1. Refusjon av ekstra bu-utgifter og reise til praksisstad

Vilkår for refusjon av bu-utgifter

  • Gjeld studentar som må leige ekstra bustad på praksisstaden.
  • Tilskot til bu-utgifter på praksisstaden blir gitt når studenten beheld bustaden sin på studiestaden og ikkje leiger den ut til andre under praksisperioden.
  • Studentar som treng å leige ekstra hybel i forbindelse med praksis, må sjølv skaffe bustad og inngå kontrakt med utleigar.
  • Høgskulen har som mål at studentane får informasjon om kor dei skal i praksis seinast fire veker før praksis startar.

Reglementet gjeld ikkje for

  • Studentar som gjennomfører praksis i utlandet.
  • Studentar på studium med ekstern finansiering.
  • Studentar som sjølv skaffar seg praksisplass, med mindre dette er avtalt på førehand med høgskulen.
  • Studentar på ordinær heiltidsutdanning som vel å flytte vekk frå campus og som får praksisplass nær sin campus/studiestad. Døme: I semester med Vestlandsklassar på grunnskulelærarutdanningane.
  • Studentar som ikkje leiger bustad, men bur privat (for eksempel hos foreldre, søsken eller nære slektningar) eller i eigen bustad i praksisperioden.

Refusjon av utgifter til bustad

  • Høgskulen refunderer primært inntil 1500 kroner per veke, eventuelt 6 000 kroner per månad inkl. straum og internett. Betalt husleige må dokumenterast med kontrakt og kvittering på betalt husleige. 
  • Studenten har ansvar for å inngå nødvendige forsikringar. Høgskulen bistår ikkje med erstatning dersom det skulle oppstå brann, innbrot, m.m.
  • Studentar kan søke om depositumsgaranti (eige søknadskjema) og forskotsutbetaling av husleige. Meir informasjon og søknadsskjema blir lagt ut til aktuelle studentkull i Canvas. Ved søknad om forskotsutbetaling av refusjon for husleigeutgifter må leigekontrakt, kvittering for betalt husleige og avtaleskjema om forskotsutbetaling leggast ved.

Refusjon av reiseutgifter

  • Høgskulen refunderer ei reise mellom studiestadadresse og hybeladresse på praksisstaden tur/retur, pluss reise til/frå eventuelle obligatoriske samlingar i praksisperioden.
  • Eventuelle utgifter til dagleg reise mellom midlertidig hybeladresse og praksisstad blir refundert med beløp utover 125 kroner per påbegynt veke.
  • Maksimal støtte 1250 kroner per veke.
  • Reisa skal skje på billegast mogleg måte med kollektivtransport.
  • Når kollektivtransport ikkje kan brukast eller tar urimeleg lang tid (meir enn 1,5 timar kvar veg), brukar ein km-sats på 2,50 kroner og eventuelt passasjertillegg 0,45 kroner. Studentane blir oppfordra til samkøyring når to eller fleire studentar har praksis på same staden. Ved samkøyring er det berre bilførar som kan sende krav om reisekostnader.
  • Utgifter til ferje og bom blir dekka. (Dokumentasjon ikkje nødvendig)
  • Utgifter til parkering og drivstoff blir ikkje dekka.

Innsending av refusjonskrav

  • Krav om refusjon av kostnadar for tur/retur-reise og betalt hybelleige skal leverast snarast og seinast tre veker etter avslutta praksisperiode/emne. Dokumentasjon på utgifter (bilde av kvitteringar og signert leigekontrakt) må leggast ved kravet.
  • Det kan ikkje sendast inn refusjonskrav for forskotsutbetaling av reiseutgifter. Refusjonskrav for reiseutgifter må sendast på eige refusjonsskjema etter at praksisperioden er ferdig.
  • Ved manglande dokumentasjon/vedlegg i kravet vil studenten bli gjort merksam på det og få skjemaet i retur. Studenten må laste opp nødvendig dokumentasjon og sende inn skjemaet på nytt. Nødvendig dokumentasjon må være på plass for å få krav behandla. Tilbakemelding vil kome på student-e-post.
  • For praksisperiodar som er lengre enn fire veker kan krav om refusjon leverast ein gang i månaden eller som eit samla krav for heile praksisperioden når praksis er over.

2. Refusjon av daglege pendlarutgifter mellom bustad og praksisstad

Dersom du ikkje kjem med krav om bustønad, kan du få tilskot til daglege pendlarutgifter.

Reglementet gjeld ikkje for

  • Studentar som gjennomfører praksis i utlandet.
  • Studentar på studium med ekstern finansiering.
  • Studentar som sjølv skaffar seg praksisplass, med mindre dette er avtalt på førehand med høgskulen.

Refusjon av daglege pendlarutgifter

  • Utgifter til dagleg pendling blir refundert med beløp utover 125 kroner per påbegynt veke. Det vert teke utgangspunkt i kortaste avstand mellom bustad (heimstad eller semesteradresse) til praksisstad eller mellom campus til praksisstad.
  • Maksimal støtte 1250 kroner per veke.
  • Reisa skal skje på billegast måte med kollektivtransport med periodekort/rabattkort (studentkort)
  • Når kollektivtransport ikkje kan brukast eller tar urimeleg lang tid (meir enn 1,5 timar kvar veg), brukar ein km-sats på 2,50 kroner og eventuelt passasjertillegg 0,45 kroner. Så sant det er praktisk mogleg må studentane køyre saman når to eller fleire studentar bur og har praksis på same staden. Ved samkøyring er det berre bilførar som kan sende krav om refusjon av reisekostnader.
  • Utgifter til ferje og bom blir dekka. (Dokumentasjon ikkje nødvendig)
  • Utgifter til parkering og drivstoff blir ikkje dekka.

Unntaksvis bruk av leigebil:

  • Etter avtale med praksiskoordinator kan HVL unntaksvis refundere utgifter til leigebil og drivstoff med inntil 1250 kroner per veke per student viss student/studentgruppa ikkje kan nytte offentleg transport fordi det tek for lang tid og dei ikkje disponerer bil.
  • Vi anbefaler at fleire studentar går saman om leige av bil.
  • Rimelegaste alternativ skal nyttast.
  • Studenten har sjølv ansvar for å inngå avtale om leigebil og nødvendige forsikringar.
  • Den som står som leigetakar av bil sender inn refusjonskrav på vegne av seg og passasjerane. Hugs å oppgi fullt namn på alle passasjerane. Passasjerane skal IKKJE sende inn refusjonskrav på utgifter til leigebil.

Innsending av refusjonskrav

  • Krav om refusjon av kostnadar for pendleutgifter skal sendast snarast og seinast tre veker etter avslutta praksisperiode/emne. Dokumentasjon på utgifter (bilde av kvitteringar) må leggast ved kravet.
  • Det kan ikkje sendast inn refusjonskrav for forskotsutbetaling av reiseutgifter.
  • Ved manglande dokumentasjon/vedlegg i kravet vil studenten bli gjort merksam på det og få skjemaet i retur og. Studenten må laste opp nødvendig dokumentasjon og sende inn skjemaet på nytt. Nødvendig dokumentasjon må være på plass for å få krav behandla. Tilbakemelding vil kome på student-e-post.
  • For praksisperiodar som er lengre enn fire veker kan krav om refusjon leverast ein gang i månaden eller som eit samla krav for heile praksisperioden når praksis er over.
  • Ved inngått avtale med praksiskoordinator om bruk av leigebil: Leigebilutigfter må leggast inn under punktet "Andre reiseutgifter eller andre utgifter". Den som leverer refusjonsskjemaet må sette inn totalsummen under "beløp" (velg "reiseutgift dagleg pendling i perioden") I tillegg må fullt namn på passasjerane og kopi av avtale om leigebil med praksiskoordinator settast inn i kommentarfeltet.

Slik fyller du ut skjemaet

Ofte stilte spørsmål

Hvilken dokumentasjon må jeg legge ved i refusjonskravet?

Leie av bolig på praksisplassen: Komplett leiekontrakt/faktura fra oppholdet og kvittering for betalt leie (bankutskrift, Vipps).
Kollektiv transport/fly: Ved flyreise må vi ha boardingkort og kvittering. For kollektiv transport ellers trenger vi kvittering på utgiftene.
Ved bruk av leiebil: Legg ved kopi av leiebilfaktura og kvittering på drivstoffutgifter.
NB: Når du tar bilde av kvitteringer må Livephoto slås av når du bruker iPhone. Refusjonsskjemaet leser ikke denne filtypen.  Refusjonsskjemaet kan lese disse filtypene: PNG, JPG og JFIF.

Hvordan dokumenterer jeg at jeg har leid bolig på praksisplassen?

Dette skal dokumenteres med komplett signert leiekontrakt og kvittering på betalt leie. Dersom et av disse dokumentene mangler får du refusjonssøknaden din i retur (melding pr e-post).

Hvor mye får jeg dekket i boutgifter?

Dersom du må leie ekstra bolig i forbindelse med praksis får du dekket inntil 1500 kroner per uke eller 6000 kroner per måned.  

Hvor ofte kan jeg sende inn refusjonskrav for leie?

Du kan velge om du vil søke for hele praksisperioden, eller om du vil levere krav en gang måneden.  

Hva er «framleie»?

«Framleie» betyr at du leier ut din egen bolig på studiestedet mens du er i praksis. Du vil da ikke ha krav om refusjon av boutgifter på praksisplassen.

Jeg skal bo hos mine foreldre eller familie, kan jeg søke om refusjon av leieutgifter da?

Nei. Studenter som bor privat (for eksempel hos foreldre, søsken eller nære slektninger) eller i egen bolig i praksisperioden vil ikke kunne få refundert leiekostnader. 

Får jeg dekket reise til praksisplassen når jeg må bo der midlertidig?

Dersom du må ha midlertidig bosted på praksisplassen får du dekket ei reise tur/retur fra bosted/studiested til praksisplassen. 

Hvor ofte kan jeg legge inn refusjonskrav for daglig pendling?

Du kan bare søke om turer som er gjennomført, så du velger selv om du vil søke en gang i måneden eller i slutten av praksisperioden. 

Jeg søkte om å få dekket kollektiv transport, men fikk mindre utbetalt enn det jeg søkte om, hvorfor det?

Ved daglig pendling må du betale en egenandel på 125 kroner per uke som trekkes fra dine totale reiseutgifter. Du får maksimalt dekket 1250 kroner per uke. Eksempel: Har du 3500 kroner i reiseutgifter for to uker praksis så får du dekket 2500 kroner.

Kan jeg bruke bil i praksis?

Når kollektivtransport ikke kan brukes eller tar urimelig lang tid (mer enn 1,5 time hver vei/mer enn 3 timer tur/retur), kan du benytte bil til daglig pendling.

Må jeg legge ved dokumentasjon når jeg har kjørt egen bil?

Nei, dette blir kontrollert opp mot kilometer. 

Det går ikke buss før 2 timer før og etter endt praksis, kan jeg benytte bil til daglig pendling for å unngå å vente på neste buss?

Da vil reiseveien kunne ses som urimelig lang og du kan benytte deg av bil til daglig pendling.

Er skjemaet mitt sendt inn?

Når du får opp melding om at «Ditt refusjonskrav er no lagra og vil bli handsama når du har lasta opp naudsynt dokumentasjon/vedlegg» er refusjonsskjemaet ditt sendt inn. Husk å legge ved relevant dokumentasjon etter denne meldinga.

Hvor lang tid går det før jeg får pengene mine inn på konto?

Etter at du får melding om at refusjonssøknaden din er godkjent tar det vanligvis inntil 10 arbeidsdager før pengene kommer inn på konto. I travle perioder eller i forbindelse med ferie/fridager det kan ta lengre tid.

Kan jeg få utbetalt pengene til en annen konto?

Pengene blir utbetalt til det kontonummeret du skriver inn i refusjonssøknaden din.

Har du spørsmål om refusjon av bu- og reiseutgifter knytt til praksis? 

Kontakt Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS):

Dersom du er student ved FHS kan du sende ein epost til fhs-praksis@hvl.no

Kontakt Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI):

Dersom du er student ved FLKI kan du ta kontakt med praksisadministrasjonen via kontaktskjema

Reglementet er vedtatt av prorektor for utdanning 12. oktober 2018, justert 1.januar 2023. Det blir lagt opp til årleg revisjon av reglement og satsar.