Husreglar
Høgskolen oppmodar den enkelte til å ta omsyn til kollegaar og medstudentar, og til å ta godt vare på lokala. Meld i frå om skadar og manglar slik at dei kan utbedrast. Det er etablert eit elektronisk meldesystem for avvik.
Her er eit utval av dei viktigaste husreglane.
Transport:
Vi anbefaler buss, bybane, ta sykkelen eller å gå når du skal til Høgskulen på Vestlandet, campus Kronstad.
Røyking:
Røyking er kun tillatte på følgande stadar:
- Campus Kronstad: på austsida av bygget utanfor inngangane E og F i underetasjen, og ved benkane utenfar inngang F i første etasje.
- Møllendalsveien: utanfor hovedinngangen mot båtforeninga.
Avfall:
Bruk miljøstasjonane utanfor undervisingsrom og i fellesområde til å kjeldesortere.
- Campus Bergen: I 1. og 2. etasje sorterast papir, restavfall og flasker.
- I kontormiljøa sorterast papir, restavfall, plast og batteri/elavfall.
Plakatar og informasjonsskjermar:
Når du skal ha oppslag på dei elektroniske informasjonsskjermane, eller henge opp plakatar, må du melde dette og få godkjenning av Servicesenteret på Campus Kronstad. Oppsetting av plakatar skal gjerast på tilrettelagte område.
Spising og drikking:
Spising skal gå føre seg i kantinen, i kaféhagen på Campus Kronstad eller i dei sosiale sonene – ikkje i undervisingsrom. Hugs å rydde opp etter deg.
Det er tillatte å drikke i undervisingsromma, men du oppmodast til å bruke drikkeflaske, termokopp og liknande for å unngå bruk av eingongsemballasje.