Sjekkliste for smittevern i ordinære undervisningsrom (klasserom, auditorium o.l.)
Grunnleggande smittevern:
- Hald deg heime dersom du ikkje kjenner deg frisk
- Vask eller sprit hendene dine ofte
- Hald minst ein meter avstand til andre
Det skal ikkje vere fleire studentar i undervisningslokalet enn det er oppmerka/tilgjengelege (sitte)plassar til.
Reinhald som må gjennomførast før alle set seg og undervisninga startar
For alle:
- Reingjer hendene dine.
- Bruk tilgjengeleg reingjeringsutstyr til å reingjere kontaktflater som hendene dine kan ha med bord, stolar og liknande.
- Reingjer hendene dine igjen før undervisninga startar.
NB: Det er god praksis å be nokre få av deltakarane/studentane om å gjennomføre denne reingjeringa slik at ikkje unødig mykje reingjeringsutstyr blir brukt. Dette både for å sørge for at vi til ein kvar tid har tilgjengeleg utstyr og av omsyn til miljøet.
For forelesar/fagleg tilsett:
- Sjå til at punkta over blir gjennomført.
- Reingjer hendene dine.
- Bruk tilgjengeleg reingjeringsutstyr til å reingjere kontaktflater på materiell og utstyr du skal bruke. Eksempel på dette kan være mikrofonar, bord, stol (armlene), tastatur, mus, trykkskjerm, pennar m.m. (lista er ikkje uttømmande).
- Reingjer hendene dine igjen før du startar undervisninga.