Språkpolitiske retningslinjer for Høgskulen på Vestlandet

Vedtatt av høgskulestyret 26. april 2018

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein stor høgare utdannings- og forskingsinstitusjon med om lag 16.000 studentar og ca. 1.800 tilsette. Høgskulen har eit strategisk mål om å verte eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil i løpet av dei nærmaste åra. Høgskulen har fem studiestader fordelt på to fylke på Vestlandet.

Dei språkpolitiske retningslinjene for HVL er utforma med tanke på at høgskulen skal kunne vere eit språkleg føredøme for norske universitet og høgskular når det gjeld god og rett bruk av språket; særleg nynorsk, men òg bokmål og teiknspråk. Høgskulen ønskjer dessutan å finne ein god balanse mellom bruken av norsk og det viktigaste parallellspråket, engelsk, både når det gjeld utdanning, forsking og formidling.

Rektor vil nemne opp eit språkpolitisk utval på leiarnivå som skal ha ansvaret for høgskulens språkpolitikk og for tiltak, tilbod og tenester som må utviklast i samband med dette.

1) Overordna språkpolitikk

Generelt

Språket er den viktigaste arbeidsreiskapen for alle tilsette og studentar ved HVL. Det er ei sjølvsagt plikt for HVL å leggje til rette for og sjå til at både tilsette og studentar kan kommunisere og uttrykkje seg på eit godt, klart og forståeleg norsk språk både munnleg og skriftleg. HVL ønskjer òg at tilsette og studentar skal meistre engelsk munnleg og skriftleg.

Språkvala og dei språkpolitiske retningslinjene ved HVL skal bidra til å styrkje den språklege tryggleiken for dei kandidatane høgskulen uteksaminerer til profesjons- og arbeidslivsretta yrke gjennom bachelor-, master- og doktorgradsprogram, både på den heimlege og den internasjonale arbeidsmarknaden.

Nynorsk

Høgskulen på Vestlandet høyrer til midt i kjerneområdet for det nynorske språket. Det er særs viktig for nynorsken, som nasjonalt er eit mindre språk enn bokmål, at sentrale institusjonar i kjerneområdet støttar opp om og er aktive brukarar av dette språket.

I avtalen om gjennomføringa av fusjonen («fusjonsavtalen») mellom Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugsund og Høgskulen i Sogn og Fjordane frå mai 2016 er det slått fast at «hovudmålforma for den nye institusjonen skal vere nynorsk.» Avtalen seier òg at Høgskulen på Vestlandet skal «ta utgangspunkt i og byggje vidare på hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar». Dei vestnorske dialektane og det vestnorske fellesspråket, nynorsken, er mellom dei sterkaste vestnorske kultur- og identitetsmarkørane.

  • Høgskulen på Vestlandet ønskjer ut frå dette å stå fram med ein tydeleg nynorsk profil og nytte eit godt og levande nynorsk språk i all marknadsføring, profilerings- og rekrutteringsarbeid og på nettsidene. At hovudmålforma er nynorsk vil også innebere at sentrale dokument på institusjonsnivå, som strategiplan, årsrapport, utviklingsavtale og retningslinjer skal vere på nynorsk. Det same gjeld skilting av og namnsetjing på einingar i organisasjonen.
  • HVL skal likevel leggje vekt på å følgje pålegget i «lov om målbruk i offentleg teneste» («mållova») om at i utforminga av rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l., skal ingen av dei norske målformene vere representerte med mindre enn 25 prosent.
  • I tråd med «lov om universiteter og høyskoler» ønskjer Høgskulen på Vestlandet å ta ansvar for utvikling av eit godt og høveleg norsk fagspråk innanfor dei faglege hovudområda våre.
  • Høgskulen ser det som eit særleg ansvar å ta i vare og utvikle eit godt og klart nynorsk fagspråk til bruk i høgare utdanning og forsking i Noreg, med særleg vekt på språket i dei profesjons- og arbeidslivsretta faga og utdanningane.
  • At HVL nyttar eit godt og klart språk er overordna. Men studentar og tilsette ved HVL står sjølvsagt fritt til å nytte den målforma dei sjølve ønskjer både skriftleg og munnleg i arbeidet sitt for og på høgskulen.

Parallellspråk

Høgare utdanning og forsking vert i aukande grad internasjonalisert. Det gjeld også ved Høgskulen på Vestlandet. Vestlandsregionen, som er høgskulens regionale omland, har eit internasjonalt og utoverretta nærings- og arbeidsliv, som treng solide kunnskapar både i norsk og engelsk.

Både forsking og undervisning ved HVL skal vere på høgt internasjonalt nivå. Talet på utanlandske tilsette og studentar ved høgskulen er aukande. Fleire tilsette enn før har internasjonal bakgrunn og kompetanse. Mange forskingsprosjekt er baserte på internasjonalt samarbeid. Eigaren vår, Kunnskapsdepartementet, krev at vi skal auke den internasjonale mobiliteten både blant tilsette og studentar.

  • Ut frå ein slik bakgrunn er det sjølvsagt at Høgskulen på Vestlandet må styrkje sin kompetanse i parallellspråk, særleg i engelsk. Av same grunn må parallellspråksbruk vere eit berande element i språkstrategien ved HVL.
  • Engelsk er det rådande fellesspråket i det internasjonale fellesskapet av og for universitet og høgskular. Å sørgje for tilfredsstillande engelskkunnskapar for tilsette og studentar ved HVL, både skriftleg og munnleg, vert ei viktig oppgåve for høgskulen i åra framover. Det er òg nødvendig at høgskulen sørgjer for å styrkje norskkunnskapane, både munnleg og skriftleg, for HVL-tilsette med annan språkbakgrunn.
  • Solide kunnskapar om og ferdigheiter i norsk språk, skriftleg og munnleg, er det beste utgangspunktet for å verte god i engelsk og andre framandspråk. God kompetanse i norsk er såleis til bate også for god bruk av parallellspråket. Arbeids- og næringslivet i Noreg har også eit uttalt behov for gode kunnskapar i norsk språk.

Klarspråk

Eit klart og godt språk styrkjer demokratiet, og er ein føresetnad for eit velfungerande høgskuledemokrati. Prinsippet om klarspråk; eit korrekt, klart og mottakartilpassa språk, skal leggjast til grunn for all skriftleg kommunikasjon frå og ved Høgskulen på Vestlandet. Det er eit mål for HVL at både tilsette og studentar kan uttrykkje seg skriftleg i eit forståeleg klarspråk. Det inneber likevel ikkje at alle tekstar skal vere enkle, eller at tekstane skal vere frie for fagspråk. Det viktige er at teksten er godt tilpassa mottakaren.

2) Utdanning og undervisning

Norsk, nynorsk og bokmål, skal vere det sentrale undervisningsspråket ved HVL. Det gjeld på alle nivå. Der det høver, kan dansk, svensk eller teiknspråk nyttast i undervisninga.

  • Hovudregelen er at undervisninga ved HVL skal skje på det språket som er kunngjort for det aktuelle kurset i studiekatalogen. Fakulteta er ansvarlege for at dette skjer.
  • HVL skal ta på seg eit særleg ansvar for at studentane ved høgskulen skal lære seg og kunne ta i bruk god norsk fagterminologi på dei fagområda høgskulen gjev undervisning i.

Bachelorutdanningar

  • Undervisninga i bachelorutdanningane ved HVL skal i det alt vesentlege vere på norsk, med unntak av undervisning i språkfag utanom norsk. Bacheloroppgåver skal normalt skrivast på norsk, med eit samandrag på engelsk.
  • Undervisning på engelsk er avgrensa til kurs og program der det er naturlege grunnar til å undervise på engelsk; som når læraren ikkje beherskar norsk, når undervisninga inngår i kurs innanfor ramma av HVL sitt internasjonale samarbeid o.l.
  • Ved eksamenar på bachelornivå skal det til vanleg brukast norsk språk.

Masterutdanningar

  • Også i masterutdanningane skal det vesentlege av undervisninga skje på norsk, unnateke undervisning i språkfaga utanom norsk. Fakulteta kan likevel avgjere at nokre kurs eller studieprogram heilt eller delvis skal verte haldne på engelsk.
  • Masteroppgåver skal i hovudsak skrivast på norsk, med eit samandrag på engelsk. Fakulteta kan vedta at masteroppgåver i enkelte fag/kurs kan vere på engelsk. Masteroppgåver på andre språk enn norsk skal ha eit samandrag på norsk.
  • Ved eksamenar på masternivå skal det til vanleg brukast norsk språk. Ved kurs der undervisninga går føre seg på engelsk, vil eksamenar til vanleg vere på engelsk. I særskilte tilfelle kan det gjerast unntak.

Ph.d.-utdanningar

  • På høgskulens ph.d.-utdanningar er det rimeleg at delar av undervisninga skjer på engelsk. Dette både fordi mange av studentane er ikkje-nordiske, og fordi norske ph.d.-studentar treng god kjennskap til engelske faguttrykk og språk på dei aktuelle felta. På ph.d.-kurs der det berre er skandinavisk-språklege studentar og lærar(ar), skal undervisningsspråket normalt vere norsk (skandinavisk).
  • Ph.d.-avhandlingar kan skrivast på engelsk eller norsk. Det er ein føresetnad at det finst uavhengige og godt kompetente skandinavisk-språklege ekspertar på fagfeltet for aktuelle ph.d.-avhandlingar på norsk. Norskspråklege avhandlingar skal ha eit samandrag på engelsk, og engelskspråklege eit samandrag på norsk.


Norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk er eit fullverdig språk med formell status som minoritetsspråk. HVL har ei bachelorutdanning i teiknspråk og tolking, og teiknspråk inngår såleis som eitt av dei prioriterte språka i Høgskulen på Vestlandet, mellom anna ved at studentane kan ta teiknspråk som del av si grunnskulelærarutdanning.

  • Behova for tilsette og studentar som brukar teiknspråk, skal imøtekommast slik at dei kan bruke teiknspråk i same grad som norsk i arbeid og studiar ved høgskulen.
  • Teiknspråktolkar skal vere tilgjengelege etter behov.

Generelt

På alle nivå vert det venta at studentane skal kunne gjere seg nytte av faglitteratur både på norsk og engelsk. Fagmiljøa skal syte for at språkleg og terminologisk kompetanse vert ein del av læringsutbytet i studia.

  • Utanlandske studentar og tilsette skal bli oppmoda om å ta innføringskurs i norsk språk, kultur og samfunnskunnskap. Det er eit mål at dei fleste av desse skal kunne forstå norsk og delta i samtalar og i undervisning/kurs der norsk er hovudspråket.
  • Høgskulen ønskjer å leggje til rette for fleire innvekslingsstudentar frå ikkje-nordiske land. Dette inneber at høgskulen i både bachelor- og masterutdanningar må ha ei emneportefølje som omfattar kurs der undervisninga skjer på engelsk.
  • Fast tilsette ikkje-skandinavar i faglege eller administrative stillingar skal kunne utføre arbeidet sitt på norsk etter nokre år i stillingane. Kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er mellom kriteria som skal leggjast til grunn for tilsetjing i faste stillingar. HVL skal tilby gratis kurs i norsk, både nynorsk og bokmål.
  • Høgskulen skal tilby kurs i akademisk engelsk, til dømes essayskriving på engelsk, og i bruk av engelsk daglegspråk. Slike kurs skal tilbydast alle grupper tilsette for å fremje internasjonalisering i forsking og undervisning, og for at dei tilsette lettare skal kunne delta i engelskspråklege aktivitetar som høgskulen har ansvaret for. Studentane skal også få tilbod om å delta på nokre av engelskkursa. Det bør tilbydast slike kurs minst éin gong i året.
  • Høgskulen skal tilby ikkje-skandinaviske studentar undervisning i norsk. Dette inneber mellom anna studiepoenggivande innføringskurs i norsk som vil gjere det mogleg for dei å følgje undervisning på norsk. Utvekslingsstudentar skal få særlege tilbod om kurs i norsk språk.
  • For studium og kurs der det vert undervist på engelsk, vert det kravd eit visst minimum av engelske språkferdigheiter frå studentane. Fakulteta skal definere kva for minimumskrav som vert stilt til språkferdigheiter i engelsk for utvekslingsstudentar.

3) Forsking og formidling

Språket er ein sentral reiskap i all forskingsverksemd. Gode språkkunnskapar og kommunikasjonsferdigheiter skal inngå i kompetansen til kvar forskar ved HVL.

  • Ein aukande del av forskinga ved HVL går føre seg i eit internasjonalt forskingssamarbeid, og mykje av publiseringa skjer på engelsk i internasjonale poenggivande tidsskrift. Éi viktig utfordring for HVL, og mange andre universitet og høgskular, er å sikre nasjonalspråkets status og plass i forskingssamfunnet.

Forsking og vitskapleg publisering

  • Høgskulen skal leggje til rette for norsk som fullverdig vitskapleg publiseringsspråk. Men HVL erkjenner at engelsk er det dominerande språket på mange vitskapsområde. Engelsk kan brukast som publiseringsspråk når dei som publiserer, finn det føremålstenleg.
  • Publikasjonar som vert utgjevne ved HVL på ikkje-skandinaviske språk, skal ha eit samandrag på norsk. Tilsvarande skal publikasjonar på norsk ha eit samandrag på engelsk eller anna framandspråk. Dette gjeld også for doktorgradsavhandlingar.
  • Høgskulen skal stimulere til og gjennom kurs og på andre måtar drive aktiv opplæring i skriving av vitskaplege fagartiklar, både på norsk og engelsk.

Samfunnsoppdraget

  • Ein viktig del av høgskulens oppdrag er å samverke med samfunnet for å halde ved like og utvikle den norske, og særleg den nynorske, fagterminologien innanfor dei profesjons- og arbeidslivsretta fagfelta.
  • Fagfolk/forskarar ved HVL skal oppmuntrast til å arbeide med å utvikle og utarbeide norsk terminologi innanfor sine akademiske felt, og å kommunisere denne til studentane og til ålmenta. Forskarar skal òg oppmuntrast til å omsetje utanlandske verk/arbeid og faglitteratur til norsk.
  • Høgskulen skal òg oppfylle samfunnsoppdraget om å spreie og formidle forskingsresultat ved å stimulere til presentasjon av relevant forskingsbasert kunnskap på norsk gjennom ulike kommunikasjonskanalar. Høgskulen har, jf. fusjonsavtalen, eit spesielt ansvar for aktiv forskings- og kunnskapsbasert formidling overfor samarbeidspartar og ålmenta på Vestlandet.
  • Høgskulen vil leggje til rette for at all forsking, finansiert av offentlege midlar, som vert produsert ved HVL, skal vere opent tilgjengeleg.

4) Administrative forhold

Ein veksande internasjonal arbeidsstokk og ein auke i talet på internasjonale studentar legg eit press på og stiller større krav til det teknisk-administrative personalet ved HVL. Dette gjeld både språkleg og administrativt. Det er vesentleg at HVL tidleg finn høvelege organisasjonsmessige løysingar på desse utfordringane. Dette gjeld område som skatteforhold, bustader, sjuketrygd og forsikringar. Målet er at dei internasjonale studentane og tilsette etter ein introduksjonsperiode skal vere sjølvhjelpne.

  • Ved tilsetjing i administrative stillingar skal det leggjast vekt på kunnskapar og ferdigheiter i engelsk, i tillegg til i norsk.
  • Ved innkjøp og fornying av ulike typar IKT-verktøy og -program og andre sentrale tenester til bruk i forsking, undervisning eller administrasjon skal HVL stille språklege krav til leverandørane med basis i at hovudmålforma ved høgskulen er nynorsk.
  • Sentrale dokument ved høgskulen skal også liggje føre på engelsk. HVL-nettsidene, brosjyrar og tilsvarande, skal innehalde lett tilgjengeleg informasjon på norsk teiknspråk og engelsk.
  • Fakultet, institutt, læringssenter o.l. ved HVL skal også namnsetjast på engelsk. Dei viktigaste skilta skal ha tekst både på nynorsk og engelsk.

5) Oppfølging og språklege kvalitetstiltak

Det er særs viktig at den språkpolitiske strategien vert følgd opp, og at høgskulen sørgjer for at den språklege og språkpolitiske utviklinga ved HVL jamt kan vere på dagsorden ved institusjonen.

  • Eit eige språkpolitisk utval ved HVL, oppnemnt av rektor, skal ha ansvar for oppfølging og gjennomføring av dei språkpolitiske retningslinjene og høgskulens språkpolitikk. Utvalet skal vere sett saman av tilsette i sentrale leiarposisjonar òg ein student. Utvalet skal òg sjå til at krav og føresegner i mållova vert oppfylte ved HVL. Utvalet skal ha ein eigen sekretær. Utvalet skal kvart år lage ein rapport til styret for HVL om utviklinga på det språkpolitiske feltet. Det bør lagast årlege handlingsplanar for arbeidet.
  • Det vert vurdert å skipa eit språksenter eller liknande. Eit slikt senter vil i samarbeid med det språkpolitiske utvalet mellom anna ha i oppgåve å syte for:
    • Språkopplæring og naudsynte språkkurs av ulike typar for tilsette og studentar, både norske og internasjonale.
    • Skrivekurs (norsk, særleg nynorsk, og engelsk).
    • Kartlegging av «språksituasjonen» for ulike grupper tilsette og studentar, særleg for studentar med anna morsmål enn norsk og engelsk.
    • Utvikling og tilrettelegging av språklege hjelpemiddel og støttetiltak, både fysiske og digitale.
    • Tilbod om kurs i teiknspråk for tilsette og studentar som har fått døve kollegaer og medstudentar.
    • At digitale og andre språklege hjelpemiddel er lett tilgjengelege for tilsette og studentar.