Forskings- og innovasjonsutvalet
FI-utvalet ved HVL er eit rådgjevande organ på institusjonsnivå som skal
- gi råd til rektor/prorektor i førebuinga av saker
- kjenne til korleis, og sikre at organet sitt ansvarsområde inngår i eit heilskapleg HVL
- i bestemte sakstypar fatte vedtak etter ev. delegasjon frå styret eller rektor/prorektor
Medlemmer i 2022-2026
- Christine Øye, prorektor for forsking og innovasjon (leiar)
- Marjolein Mimelink Iversen, prodekan for forsking ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Vegard Fusche Moe, prodekan for forsking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Stig Erik Jakobsen, prodekan for forsking ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
- Lars Martel Antoine Coenen, professor, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
- Gro Vatne Røsland, professor, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
- Lill Anette Juvik, stipendiat, Fakultet for helse- og sosialvitskap,
- Gustav Tøstesen, stipendiat, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Anna Runa K. Risa Bakke, student
- Mathias Tønnesen, student
I tillegg deltek Turid Bogetvedt Hitland (avdelingsleiar Bibliotek), Elin Kvaale (nestleiar Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon) og Jan Ove Henriksen (Fagansvarleg verksemdstyring), Benedicte Meydel (Fagansvarlig HVL Skape, avdeling for Samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring)
Varamedlemmer
- Geir Kåre Resaland, Prorektor for regional utvikling
- Sigurd Sandvold, Prodekan for regional utvikling, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
- Monica Wammen Nortvedt, Prodekan for samhandling, Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Øyvind Midtbø Berge, Prodekan for innovasjon og regional utvikling, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap
- John Roger Andersen, professor, Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Knut Einar Utnes Øyangen, førsteamanuensis, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
- Frida Olsen Engedal, stipendiat, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
- Haakon Kristian Kvidaland, stipendiat, Fakultet for helse- og sosialvitskap
- Sindre Øyro (student)
Avdelingsleiar for Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon er sekretær for utvalet.
Mandat
Forskings- og innovasjonsutvalet skal
- ta del i etableringa av, og følgje opp overordna mål og strategiske saksfelt innan FoU og innovasjonsområdet
- gi råd i saker som vedkjem økonomiske, organisasjons- og kompetansemessige rammevilkår for realiseringa av strategiske mål
- ta del i og stimulere til at HVL vert gjort synleg i strategisk relevante omgjevnader, og bidra til relevant samband mellom omgjevnadane og forskings- og innovasjonsaktiviteten i HVL
- bidra til at HVL har ein heilskapleg forskings- og innovasjonsstrategi, og forskingsmiljø som reflekterer HVL sin faglege profil og kvalitetsambisjon
- vurdere, følgje opp og gi råd om tiltak for etablering, gjennomføring, publisering og avvikling av forskingsaktivitet
- følgje opp og gi råd i spørsmål om ressursbruk og målretta kompetanseutvikling i personalet knytt til HVL sine forskingsstrategiske satsingar
- rapportere til overordna eining om aktiviteten i året som er gått, med råd om vesentlege tiltak for kommande år