IDF-møte
Informasjons-, drøftings- og forhandlingsutvalet (IDF) er eit organ for medbestemming i HVL.
Møtefrekvens, utsending av saksdokument og tidsfristar for referat skal så langt som mogleg tilpassast omsyn til reell medråderett frå organisasjonane etter Hovedavtalen.
Organisasjonar med partsrett møter normalt med ein representant på IDF-møte. Organisasjonane kan ha med observatør utan talerett. Godkjent referat skal føreleggjast styret før behandling av aktuelle saker.
I Tilpassingsavtalen for HVL har partane avtalt at det skal gjennomførast informasjonsmøte 10-14 dagar før styremøta, i tillegg til dei vanlege IDF-møtene. Dette for å legge betre til rette for involvering/prosessar i organisasjonane, og lette presset på dei ordinære IDF-møta. Møta vil bli lagt opp med vekt på å gi informasjon på eit tidleg punkt i saksførebuingane, og det vil bli ført eit enkelt referat.