Arbeids- og kompetanseområde
Eg er førsteamanuensis i pedagogikk ved institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.
Forsking
EX-PED-LAB: Exploration and Pedagogical Innovation Laboratories
Eg er forskar i det NFR-finansierte prosjektet EX-PED-LAB som fokuserer på utforskande prosessar og pedagogisk innovasjon i barnehagen gjennom verkstadsmetodologi. I prosjektet har eg fokus på leiing og organisasjonslæring og etter kvart verkstadsmetodologien sitt replikasjonspotensiale til barnehagelærarutdanninga. Eg har også eit meiransvar for oppfølging og kontakt i samarbeidet med detalakande barnehage(ar) i Kinn kommune.
Doktorgradsstudie
02.11.2021 disputerte eg med doktorgradsstudie som har tittelen: Leadership and responsibility: A study of early childcare institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds.
I studien såg eg på inkludering av foreldre med flyktningbakgrunn, der relasjonen og interaksjonen med personalet stod sentralt. Eg undersøkte personalet sin fleirkulturelle kompetanse og behov for kompetanseheving og leiinga sitt ansvar for dette. I studien har eg følgt to barnehagar som deltok i den nasjonale satsinga Kompetanse for Mangfald.
Dei fire artiklane er publisert (lenka til under utvalde publikasjonar):
Artikkel I - "Jeg savner barnet mitt". Møter mellom somaliske mødre og barnehagen.
Artikkel II - Early childcare as arenas of inclusion: the contribution of staff to recognising parents with refugee backgrounds as significant stakeholders.
Artikkel III - 'Learning by talking?' - The role of local line leadership in organisational learning.
Artikkel IV - Interkulturell kompetanseutvikling - ein studie om leiing av barnehagepersonalet som lærer å lære om foreldresamarbeid
Eg følgte doktorgradsprogrammet "Pedagogiske ressurser og læreprosesser" ved Universitetet i Sørøst-Norge. Heidi Biseth ved USN var min hovudrettleiar og Øyvind Glosvik ved HVL var medrettleiar.
Anna forsking
Våren 2020 starta eg og kollega Karin Street studien: "Samarbeid mellom barnehage og heim - før og under Corona-epidemien". Dette er ei kvantitativ studie, der formålet er å undersøke om foreldre og pedagogar opplever at samarbeidet mellom barnehage og heim har endra seg etter at barnehagane opna igjen etter stenging på grunn av Corona-utbrotet, 2020. Styrar/dagleg leiar i 630 barnehagar i Vestland fylke har fått forespurnad om å vidaresende nettbaserte spørreskjema til pedagogar og foreldre i sine barnehagar. I tillegg har styrar/dagleg leiar blitt spurt om å fylle ut kort bakgrunnsinformasjon om barnehagen.
Tidlegare erfaring
Frå januar 2015 til hausten 2016 arbeida eg som høgskulelektor på barnehagelærarutdanninga med hovudfokus på fleirkulturell pedagogikk og leiing i barnehagen.
I 2016-2017 var eg koordinator for Kompetanse for mangfald i Sogn og Fjordane.
Eg har tidlegare arbeida som assistent, pedagogisk leiar og assisterande styrar i barnehage og programrådgjevar i flyktningtenesta.
Utdanning
Eg har bachelor i førskulelærar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, med fordjuping i Global knowledge (3 månadar praksisopphald i Zambia).
Master tok eg ved Høgskulen i Oslo og Akershus, i fleirkulturell og internasjonal utdanning, med 2 månadars feltarbeid i Sør-Afrika. Tittel på masteroppgåve: "Education in post-apartheid South Africa: A limited approach to social justice and redress".
- Pedagogikk
- Fleirkulturell pedagogikk
- Leiing i barnehagen
- Foreldresamarbeid
- Inkludering
- Kompetansehevingsarbeid
- Lærande organisasjonar
- Symbolsk makt
Publikasjonar
-
Lærande linjeleiarar si rolle i utviklinga av barnehagen som ein lærande organisasjon – eit krysspress mellom institusjonelle omgivnadar sine krav og forventningar og eigen autonomi
-
Lærarrolla i utdanningsverkstad
-
Hvordan vi ser for oss at forskningsprosjekter ved BARNkunne, kan bidra til policy utvikling og styrking av barnehagesektoren? Om BARNkunnes portefølje og hva de bidrar til
-
Den kompetente barnehagen
-
Verksted - et rom for kunnskapsutvikling
-
Den lærande barnehagen som inkluderingsarena
-
Foreldresamarbeid i norske barnehagar: Ei undersøking av strukturell validitet av, og COVID-19 relaterte skilnadar i, foreldreundersøkinga
-
The learning early childhood education and care institution as an inclusion arena
-
Framtidas barnehage – fleire hender eller fleire barnehagelærarar?
-
Kva med statusen til barnehagelæraryrket?
-
Den lærande linjeleiaren i eit sosialt berekraftsperspektiv
-
Different approaches to leadership of The Competent Kindergarten
-
Kjære barnehagelærere - stå opp for den kunnskapen dere har
-
The Competent Preschool - three approaches to management and knowledge development
-
Leiing av den kompetente barnehagen
-
Den kompetente barnehagen
-
Eit inkluderande foreldresamarbeid i den lærande barnehagen – linjeleiinga sitt ansvar
-
Den kompetente barnehagen: tre tilnærmingar til leiing og kunnskapsutvikling
-
Leadership and responsibility: A study of early childcare institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds
-
BluPodden: Leiing i den lærande barnehagen (podcast)
-
BluPodden: Når tale blir handling (podcast)
-
BluPodden: Mellom kvardagsverd og system (podcast)
-
Dette påverkar tilsette sitt syn på foreldre med flyktningbakgrunn
-
Leiing og ansvar: Barnehagen som inkluderingsarena for foreldre med flyktningbakgrunn
-
Barnehagen og foreldre med flyktningbakgrunn
-
Visste du at ei lærande linjeleiing ser ut til å vere nødvendig for at barnehagen skal fungere som ein inkluderingsarena for foreldre med flyktningbakgrunn?
-
Interkulturell kompetanseutvikling - ein studie om leiing av barnehagepersonalet som lærer å lære om foreldresamarbeid
-
Den lærande linjeleiaren i fleirkulturell kompetanseheving
-
‘Learning by Talking?’ – The role of local line leadership in organisational learning.
-
Leadership and responsibility: A study of early childcare institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds
-
‘Learning by talking?’ – The role of local line leadership in organisational learning
-
Samarbeid med foreldre med minoritetsbakgrunn
-
Early childcare as arenas of inclusion: the contribution of staff to recognising parents with refugee backgrounds as significant stakeholders
-
Leadership’s work with multicultural professional development: The kindergarten as an arena of inclusion for refugees
-
Etablering og utvikling av tillit mellom somaliske mødre og barnehagepersonalet
-
Inkluderande og ekskluderande praksisar i barnehagen - med eit fleirkulturelt perspektiv
-
Korleis barnehagen kan fungere som ein inkluderingsarena for flyktningar gjennom personalet sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving
-
Barnehagen som inkluderingsarena for flyktningar gjennom personalet sitt arbeid med fleirkulturell kompetanseheving
-
Inclusion in kindergartens
-
Fleirkulturell kompetanseheving og barnehagen som inkluderingsarena for flyktningar
-
«Jeg savner barnet mitt». Møter mellom somaliske mødre og barnehagen
-
Dei yngste flyktningane frå Syria går no i barnehagar over heile Noreg.
-
Need for a democratic approach to social justice in education and training
-
"Er det noko du saknar i barnehagen? - Barnet mitt". Møter mellom somaliske mødre og barnehagen
-
Slik bør barnehagen møte minoritetsforeldrene
-
Barnehagar som profesjonelle praksisfellesskap?: Ein studie av lærande barnehagar i indre Sogn
-
Språkstimulering for flerspråklige barn i barnehagen
-
Korleis arbeide med dei sju prinsippa for læring i nettbasert undervisning?
-
Perceptions regarding collaboration between Norwegian kindergartens and Somalian mothers
-
Haldningsarbeid og inkludering
-
Den fleirkulturelle barnehagen
-
A comparative look at social justice in South African education and Norwegian introduction programme for refugees
-
A comparative look at social justice in South African education system and Norwegian introduction programme for refugees