Fagseksjonsleiar

Maria Nordheim Alme

Arbeids- og kompetanseområde

Fagseksjonleiar ved Fagseksjon global helse og rehabilitering. 

Eg har bakgrunn som forskar innan nevrovitskap (UiB og University of Virginia) og har tidlegare undervist i fysiologi her ved HVL. No leier eg Fagseksjon global helse og rehabilitering, som er ein tverrfagleg seksjon ved Institutt for helse og funksjon. Eg jobbar særleg med kompetansebygging for dagens samfunnsbehov, migrasjon og aldring. Eit viktig aspekt ved dette er korleis vi strukturer utdanning for å sikre at vi kan bygge kompetanse der det er behov for det. Dette går mellom anna på desentralisering, internasjonalisering, digitalisering, fleksibilitet, vurderingsmetodar og kontakt med praksis og sivilsamfunn.

Eg leier prosjekta "Health equity through education for a sustainable society, HEQED" (Erasmus+) der vi jobbar med å forstå korleis vi fremmer likeverdig helse gjennom utdanning, "Desentralisert vidareutdanning for helsepersonell" (Hkdir) der vi utviklar eit vidareutdanningsprogram innanfor helse, migrasjon og aldring og EMDM Master in health Equity der vi utviklar eit felles masterprogram i likeverdig helse (Erasmus Mundus Design Measures). Eg var også leiar for Eramus+-prosjektet "Physiotherapy and Refugees Education Project, PREP", 2018 - 2021.  

Ved Seksjon global helse og rehabilitering driftar vi masterprogrammet "Master healthy ageing and rehabilitation" og vidareutdanningsprogrammet "Helse, migrasjon og aldring", som er eit program tilpassa fleksibel og desentralisert utdanning. Forskinga vår er retta mot aldring, migrasjon og internasjonal utdanning. Aldring og migrasjon er dei to viktigste årsakene til dei demografiske endringane vi har globalt og i Noreg, og vi er i er særleg interessert i å forstå korleis vi kan handtere desse endringane i tida framover. 

Prosjekt

  • Dei nye eldre - utvikling og organisering av likeverdige kommunale tenester (prosjektleiar)
  • Erasmus Mundus Design Measures, 2023 - 2024 (koordinator)
  • Desentralisert videreutdanning for helsepersonell (2022 - 2026, hkdir, leiar for prosjektet)
  • HEQED (Health Equity in Education for a sustainable society, 2021 - 2024, Erasmus+, koordinator)
  • PREP (2018 - 2021, koordinator) og PREP IP (2021 - 2024), Erasmus+ https://prosjekt.hvl.no/prep/ 
  • Global Perception on Healthy Aging
  • Helsetenester for torturoverlevere i Norge 

 

Underviser i
  • ERG140, Omgjevnader og deira betyding for aktivitet og inkludering , Vår 2025
  • FYS130, Grunnleggjande fysiologi , Høst 2024, emneansvarlig
  • FYS140, Fysioterapeutisk undersøking, forståing og ferdighet, Vår 2025, emneansvarlig
  • HMA804, Leiingsteori innan rehabilitering, Høst 2024, emneansvarlig
  • HMA804, Leiingsteori innan rehabilitering, Vår 2025, emneansvarlig
  • HMA806, Effekt av migrasjon på helse, Høst 2024, emneansvarlig
  • HMA807, Sentral teori om migrasjonshelse, Vår 2025, emneansvarlig
  • HMA807, Sentral teori om migrasjonshelse, Høst 2024, emneansvarlig
  • HMA808, Migrasjon, helsesystem og helsebehov , Høst 2024, emneansvarlig
  • MAMET1KF, Vitskapsteori, etikk og metode, Vår 2025, emneansvarlig
  • MARE510, Healthy Ageing: Theoretical Foundation, Høst 2024
  • MARE530, Leadership in Rehabilitation, Vår 2025
  • MARE570, Master's thesis, Høst 2024
  • MARE570, Master's thesis, Vår 2025
Forskargrupper
Forskningsgrupper

Nettverk
  • Climate Health Initiative

Publikasjonar